Gudbrandsdal Historielag - A-00032

Gudbrandsdal Historielag vart skipa på Maihaugen i 1919 og lagets arkiv er levert Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Stiftelsen av Gudbrandsdal HistorielagDenne forsamlinga er fotografert på Maihaugen den 20. juni 1919 i samband med at dei skipa Gudbrandsdal Historielag. Sitjande frå venstre: Oluf Kolsrud, Erik Enge, Gunner F. Gunnersen, Ivar Kleiven, Axel Thallaug og O. T. Gillebo. Ståande frå venstre: M. A. Lien, Joh. Bergum, Erling Bjørnson, Arnt Astrup, Petter Nilssen, Jul. Sundsvik, Simen Fougner, Anders Sandvig, Thv. Isum, Simen Kolstad, Thor Strand, Tor Ile, O. P. Johansen, Anders Skrede, H. Løken, T. N. Holme, Aksel Hattestad, Harald Bakken, L. Sætre, G. Fliflet og Thomas Jørstad. Fleire av dei var framståande drivkrefter i arbeidet med å handsame og sikre den lokale kulturhistoriske arven i Gudbrandsdalen.

Dølaringen vart skipa like før Gudbrandsdal Historielag. Dei to laga kom snøgt i eit tett samarbeid og har sidan arbeidd saman om viktige einskildsaker. Frå tid til anna var det planar om samanslåing. Det mest sentrale tiltaket dei samarbeidde om var utgjeving av årbok for Gudbrandsdalen. Dei første 8 åra heitte ho Årbok for Dølaringen.

Både Gudbrandsdal Historielag og Dølaringen har gjennom åra samla eit omfattande kjeldemateriale. Det er levert Opplandsarkivet avd. Maihaugen og utgjer saman med lagsarkiva over 7 hyllemeter. Arkivmaterialet er no ordna og registrert, og arkivkatalog vert levert laga på årsmøtet deira den 20. august 2000.