Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910)

Somme brev som ligg att grip i større grad inn i ein debatt, som to brev av Bjørnstjerne Bjørnson (1832–1910). Etter unionsoppløysinga i 1905 vart målspørsmålet viktig; kva for språk skulle det frie Norge ha, og kva skulle ein kalle dei to variantane av det skriftlege utttrykket her i landet. Dei ideologiske frontane spissa seg til, og Noregs mållag vart stifta i 1906 og Riksmålsforbundet året etter. Bjørnson dreiv ein einsidig og til dels primitiv agitasjon mot landsmålet og var nok i mangt redd folkehøgskulefolket og folkehøgskulen i målspørsmålet. Der kom dei ikkje overeins. Bjørnson var den fyrste formannen i Riksmålsforbundet i 1907, tre år før han døydde, 78 år gammal. Han vart invitert til Vik i Kvam i 1907 og svara på denne måten i brevform, skrive i april 1907. Han tek til slik:

Aulestad 1907 27/4

Kjære Stauri, jeg vet at jeg samler folk når jeg mælder mig til ta del i ungdoms-møtet. Jeg må, uten ubeskjedenhed gå ut fra det, når jeg gjør det til et vilkår, at jeg vil ikke være med å samle folk til ytterligere agitation mot vort kultur-sprog, hværken direkte eller indirekte. Skal der ved siden av mig nogen træde op i denne agitationens tjeneste, direkte eller indirekte, så kommer jeg ikke. I motsat fald kommer jeg for å tale om forholdet mellom den norske skole og den norske kirke. Deres Bjørnstjerne Bjørnson

Bjørnstjerne Bjørnson. (Foto: Opplandsarkivet avd. Maihaugen/Ukjent fotograf.) Han hadde ingenting å frykte, og han kom. Det var vanleg å samle mykje folk rundt omkring på skulane til såkalla folkemøte, og dette vart siste gongen Bjørnson tala på ein folkehøgskule før han vart sjuk og døydde i 1910. Ein legg elles merke til at han ikkje var følgjestreng i rettskrivinga ut frå dei reglane som galdt den gongen. Det ville ikkje likne han å følgje påbod frå styresmaktene når det galdt rettskrivingsreglar.

I eit anna lite kort er han meir personleg og skriv dette: «Her er nu influensa på gården. Går jeg fri av den og befinner mig vel, så kommer jeg lørdag 16de. Det er kanske muligt, at jeg taler samme kvæll. Så taler jeg atter søndag. Bjørnstjerne.»

Han legg til i venstre marg på kortet: «Jeg kommer alene» Bjørnson kom til Vik og Kvam og det møtte rundt 300 menneske for å høyre han tale. Det var naturleg at elevane var med på dette møtet, og for mange vart det eit varig minne. Den gongen såg han også den såkalla Bjørnson-profilen, og han hadde kommentert at «den ligner meg virkelig.»