Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Brev og historier

I arkivet etter folkehøgskuleåra på Hundorp ligg det fleire brev. Fleire forfattarar var ivrige brevskrivarar til folkehøgskulefolket, og somme av desse breva har absolutt kulturhistorisk interesse i dag. Der folk møtest blir det også historier.

Kven er det brev etter?

Folkehøgskulen på Kvam og på Hundorp var i drift i åra 1902–1987. Frå starten i Kvam i 1902 fram til 1970-talet vart brevet den vanlege kommunikasjonsforma mellom styrarfolka og verda utanom. Fleire av desse breva og denne korrespondansen finst att i arkivet etter 85-års skuledrift. Det er tale om mange skriftlege dokument over fleire tiår. Her ligg skriftlege dokument etter folkehøgskuleideologen og presten Christopher Bruun, Kristoffer Janson, diktarane Bjørnstjerne Bjørnson, Marie og Knut Hamsun, Sigrid Undset, Tore Ørjasæter, Olav Aukrust, professor Fredrik Paasche og frå fleire skulefolk. Mangt er sjølvsagt farga av tida og av situasjonen der og da, og er derfor av rein privat karakter og eignar seg ikkje på trykk av den grunn. Men nokre brev lyfter seg over kvardagen og med aktualitet utover den aktuelle skrivesituasjonen – ikkje uventa i ei skuleform der den historisk-poetiske forståingsideologien var så sterkt understreka. Denne dokumentasjonen teiknar bilete av ei skuledrift som desse brevskrivarane ikkje stilte seg likegyldig til, anten bakgrunnen var vennskap eller faglege spørsmål.

Frå elevmunn

Mange slags elevar kom til Gudbrandsdalens folkehøgskule, og innimellom slong det elevar som var langt eldre enn gjennomsnittet, rundt 17–18 år. Ein vinter på 1920-talet kom det ein elev frå Gausdal på rundt 30 år, og han merkte seg ut ved alderen. På gamle Rasmus sitt spørsmål kvifor han hadde søkt seg til folkehøgskulen, han som var så mye eldre, kom dette kloke og gode svaret: «E æ kome hit for å lære tri ting, e: Grammatikk, logikk og folkeskikk!»

Reist av vener

Folkehøgskulen på Hundorp låg i historia, og dette vart brukt i undervisninga. Ein historietime, som kanskje ikkje var så vel gjennomtenkt gjekk slik: Det var gjettekonkurranse, og læraren spurde elevflokken kva som stod bakpå støtta nedpå Olavshaugen, minnesteinen som vart reist i 1907 der Rasmus Stauri var leiar i arbeidskomiteen. På framsida står innskrive «Olav Haraldson» 1015–1030, eit raudt kors måla på Norges-kartet, eit kristent symbol på ei heiden haug og i nasjonalromantisk ånd det heile. Denne arme elevflokken hadde sjølvsagt ikkje rare tankane om kva som stod bak på denne store minnesteinen, aller minst kva årstal som var innkrota. Men endeleg var det ei jente som rette opp handa og meinte ho hadde svaret. Kva så det var? Ho svara: «Det står : Reist av venner!» Gravhaugen er frå år 800–1050, og er urørt.