Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Fredrik Paasche (1886–1943)

Fredrik Paasche fortel om Snøfrid og kongen på Dovre (Foto: Privat /Familien Stauri)I brevsamlinga ligg det mange brev etter professor Fredrik Paasche som frå 1917 og fram til han døydde i Uppsala var ein svært nær ven av folkehøgskolen, og med dei som dreiv skulen på Hundorp. Han kom ruslande inn på gardsplassen etter å ha kome frå Kristiania ein sommardag i 1917 med desse orda. «Mitt navn er Fredrik Paasche. Jeg er bedt om å holde noen foredrag her». Seinare vart besøka mange, og han vart til god hjelp i skuledrifta. Som brevskrivar er han varm og forståingsfull. Han vart den sanne venen som let mange ord dekkje den inderlege vennskapen han kjende til høgskulefolket og til den historiske staden Hundorp. Han snakka systematisk om «det høie Hundorp!». Og han skreiv nokre av bøkene sine på folkehøgskulen, ikkje minst den banebrytande boka om Kong Sverre vinteren 1919/1920. Boka kom i 1920 og vart fort utseld. Fleire av dei mange breva frå Paasche er av meir privat karakter og eignar seg ikkje i denne samanhengen, men stiltonen og utttrykksmåten frå Paasches gode penn kjem kanskje fram i dette vesle personlege dokumentet frå 1923:

Kjære, takk for ditt snille brev, og takk for sist. Jeg er begravet i Eddadigning. Jeg kan visst ikke række opover før ca 26–27. Da telegraferer jeg. Tilgiv mig denne kortheten. Det er gamle Voluspaas skyld. Din hengivne Fredrik P.

Men sine omfattande kunnskapar og sitt vennlege sinn vart han ein framifrå omvisar og foredragshaldar, der emna var mange frå norsk litteratur og historie. Sommarstid kunne han gå dag etter dag blant kulturminna frå førkristen tid og dele kunnskapen sin med dei mange som følgde etter i historiske fotspor. Paasche kjende seg heime blant kulturminna frå førkristen tid. Det er sagt at han ein gong etter ei grundig omvising til slutt fekk dette spørsmålet frå ein interessert medfølgjar: «Si meg, Paasche,- er husene også fra Dale-Gudbrands tid?» Da var det at Paasche på sitt vennlege vis svara: «Ikke husene, frue, men grunnen!» ”Min kone er et usedvanlig fint og hyggelig menneske,” sa Paasche. I aprildagane 1940 stod han og ein til på ein av gravhaugane på Hundorp og såg eit tysk fly styrta litt lenger sør i dalen. Da var det Paasche kommenterte: ”Men dette tror jeg vil glede henne umåtelig!”

Da professor Paasche fekk spørsmål

Mangt kunne skrivast om Hundorp og professor Fredrik Paasche (1886–1943). Han var blant Hundorps kjæraste venner i rundt 20 år, og var her årleg kvar sommar og vinter som foredragshaldar og ein nær og kjær venn av familien. Det var eit uvanleg nært forhold, både til Rasmus og ikkje minst til Lise.