Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Tore Ørjasæter (1886–1968)

Tore Ørjasæter (Foto: Fotograf Lind / Mesna Foto, 1961) Det finst att brev frå andre diktarar som gjennom fleire år vitja skulen anten som gjest eller som foredragshaldar. Ein slik kar er Tore Ørjasæter, som i fleire år budde i Øyer, gift som han var til Skaaden i Øyer med si Rønnaug. Han var i fleire år fast gjest ved dei nordiske pedagogiske sommarkursa. Det tør vera kjent at det nok har funnest meir praktiske folk enn Tore Ørjasæter, men sjølvirioni og distanse til eigne lyte var ikkje framand for han. Det er fortalt at han ein sommardag kom til gards berande med eit sneis egg med følgjande utsagn: ”Sjå kå ho ha sendt med meg kjerringje; eg skulle freste å selja desse så døkk skull´sjå at eg er til nogo, eg au!” Det var han så absolutt, sjølv om desse orda ber preg av humor og sår distanse, og med tydeleg sjølvironi.

Skjåkværen og gudbrandsdaleslyrikaren Tore Ørjasæter var ein farande mann, og fararmotivet er eit grunnmotiv i forfattarskapen hans. I 1930-åra var han i Tyskland etter at Hitler hadde teke makta og terorregimet synte seg tidleg fram med sitt inhumane menneskesyn. Ørjasæter skriv i eit brev til Lise Stauri:

Tysklandsturen var forvitneleg nok. Den nye mentalitet der nede var noko å bistne på for ein framand. Og vi nordiske vart svært godt mottekne. Det var mest for mykje av det gode. Vi skulle vera av rein rase forstår seg. Det var eit reint Eldorado for litt halvstygge mannfolk av nordisk type. Då hadde ein Landschaft i andlete. Eg var jamvel so heppeleg at eg hadde nokon stive håttuster på nasen, ”Nasenwald”, og det var reint framifrå. Og da kann du tale um fotografering! Minst ein hundrad gonger, med skrukker og hår og pipe og alt. Det var store vide fotoflak som brødleivar. Men eg torde kje sende heim nokon av dei til kjerringi, for eg vilde kje skræme henne i utrengsmål der ho budde i einsemdi. Det var på voni um ho var fyrebudd på te sjå meg att som Urmench (ordet er understreka). Og brev frå raseforskar og alt! Hø! Det var ei ugreide! Eg har kje svara på noko av det, og har dertil vondt for te klare retskrivingi på Urspråket. Heppelegvis er eg heime att. Tufsar meg elles burt med småbruket, trur aldri eg kjem so langt at eg kann ha ei høne eller geit for ikkje te tale um um ku. Har drive eit halv år med ei vatsleidning, men har kje fått det i orden endå. Ja, ja det fæ våge seg. Du fær ha det riktig bra, og helse alle Dine. Med dei aller beste helsingar frå Tore Ørjasæter

Ein gong han kom, sa han: ”Eg ha´vore i Danmark, eg nå». ”Kå du ha gjort der da,” vart det spurt. ”Eg ha vore på kurs”. ”Kå gjekk det kurset ut på da?” ”Det va nå forskjellig litteratur, det da”, svara Ørjasæter. ”Så var det ein nordmann som bar fana”, sa han.”Kå han hadde skrive, da?” ”Han hadde skrivi ei bok om fotsveitte!” svara diktaren.