Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Dagny og Are Stauri

Dagny Stauri (1922-1994)

Dagny og Are Stauri, 1964. Are var rektor i åra 1948–1972, og Dagny var tilsett ved skulen 1945–1987 som husmor, lærar og var vertinne ved ulike kurs i desse åra. (Foto: Elstad) Folkehøgskulelærar og husmor. Ho vart fødd og voks opp på gardsbruket og pensjonatet Aasletten i Øyer. Foreldra heitte Agnethe (f. Haug i 1887–1962) og faren Theodor Wedum (1882–1965). Ho var den nest yngste av seks søsken. Heimen var prega av solide familieverdiar og mykje arbeid, og Dagny fekk frå tidlege barne- og ungdomsår opplæring i kva det betyr å ta ansvar og vera noko for andre.

Utdanning

Etter handelsskule, hotellfagskulen i Åsgårdsstrand og Statens industriskule kunne ho finne eit framtidig yrke innafor fleire område, men det vart avgjerande at ho kom til Hundorp i 1941 og fekk arbeid hos Lise Stauri på folkehøgskulen. På skulen møtte ho sonen Are Stauri. Dei forlova seg våren 1945 og gifta seg i Øyer i september 1948. Dei fekk tre barn, Rasmus (f.1949), Tormod, (f.1951) og Lise Agnethe ( f.1960).

Arbeid i folkehøgskulen

Dagny og Are overtok ansvaret og drifta av den familieeigde folkehøgskulen på Hundorp frå 1. august 1948, da Lise Stauri trekte seg attende som folkehøgskulestyrar. Dagny fekk med åra eit stort ansvar både som handarbeidslærar og husmor på skulen. Ho var ein god rådgivar for mannen sin i dei åra dei stod saman om skuledrifta heilt fram til Are Stauris bortgang 1.10.1972. Åra 1948–1972 vart givande og utviklande skuleår for dei båe med modernisering og utbygging av skuleanlegget. I desse åra var ho også vertinne for dei mange sommarkursa på Hundorp. Mange kjende kvinner og menn i det norske samfunnet kom hit, og dette var både givande og utviklande.

Etter at Are gjekk bort, heldt ho fram som lærar heilt fram til brannen i internatbygget 21.4.1987, som sette stopp for ein 85-årig folkehøgskuletradisjon attende til 1902. Dagny Stauri eigde skulen frå 1972 fram til 1984, da Gudbrandsdal Ungdomslag kjøpte skuleanlegget for 1.9 millionar.

Utfordrande oppgåver

Ordensreglar for jentekurset 1963Elevgrunnlaget i folkehøgskulen endra seg på 1970- og 1980-talet, og dette sette store krav til omstilling og nyorientering, ikkje minst for Dagny Stauri som var oppvaksen med folkehøgskuledrifta frå 1950-talet, der det var ei langt meir homogen elevgruppe. Ho fekk gjennom sine vel 40 år i folkehøgskulen vera med på alle tidsskifte og kjende nok på seg at dette sette store krav til omstilling og pedagogiske metodar, men ho makta i alle år å møte elevane med fagkunnskap og menneskeleg forståing og eit lyst sinn, slik at ho i mangt vart ein vidareførar av den «Høgskulemor-rolla» som svigermor hennar, Lise Stauri, brukte om seg sjølv.

Kven var ho?

Dagny Stauri var flink med hendene sine. Vevnad, saum, brodering, akvarell var uttrykssformer ho gjerne arbeidde med, og ho deltok gjennom fleire år på etterutdanningskurs og andre kurs for å halde seg àjour fagleg. Ho vart frå den tida ho kom til Hundorp og folkehøgskulen med i husmorlaget og fekk med åra fleire oppgåver, ein periode som leiar både i Sør-Fron husmorlag og i Gudbrandsdal krets av Norges husmorforbund, mellom anna i jubileumsåret 1979, da kretsen markerte 50-årsjubileet. Kretsen vart stifta på Hundorp i 1929. Ho var også ei årrekkje med i Norsk kvinners sanitetsforening. Som svigermor si, Lise, heldt ho foredrag om emne som i særleg grad galdt mors- og husmorrolla i heimen, og 1970-talet kom fleire av desse verdispørsmåla under debatt. I desse spørsmåla var Dagny Stauri ein forsvarar av tradisjonen, som i særleg grad verna om heimen og morsrolla. Ho var uredd i debatt og forsvara i skrift og tale heimen og kor viktig denne er for barn og ungdom. Tradisjonskultur, sed og skikk interesserte ho seg særleg for, og ho vart ei god mor for ungane sine. I alle år var ho interessert i sang og musikk. Dagny var i mange år med i lokale sangkor, ikkje minst dei 17 åra Are Stauri dirigerte Sør-Fron sangkor. Det hende ho hadde solistroller, da ho hadde ein god sopran. Ho engasjerte seg også i anna lokalt kulturarbeid, som Per Gynt-stemnet i Nord-Fron.

Dagny Stauri var venekjær med sitt opne vesen. Etter at ho vart pensjonist og skulen vart nedlagt, fekk ho nokre år der ho kunne reise meir og dyrke det sosiale livet på ein annan måte. Dagny Stauri fekk kreft og sleit med denne sjukdomen i nokre år, før ho gjekk bort i 3.januar 1994. Ho vart sterkt sakna av dei næraste og vil bli hugsa som viktig og byggjande for Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Hundorp i dei åra ho arbeidde der. Ho vart den av dei fire folkehøgskulefolka som fekk lengst samanhengande arbeidstid ved skulen, frå 1945 til 1987.

 

Are Stauri (1912–1972)

Folkehøgskulestyrar: Are Stauri vart fødd 20.9.1912 på garden Vik i Kvam, der skulen til foreldra heldt til. Han var nest yngst av fem sysken, Sigrid (f. 1908), Liv (f. 1909), Eli (f.1911) og Synnøve (f. 1918). Han vart fødd i inn i folkehøgskulemiljøet, og dette vart styrande for livet hans med to markante folkehøgskulefolk til foreldre. Han hadde eigentleg ikkje noko val når det galdt yrkesval. Han skulle drive folkeopplysningsarbeidet frå førre generasjonen vidare. Men det var skodespelar han helst ville ha vore. Nokon djup konflikt vart dette likevel ikkje for livet hans.

Utdanning

Are Stauri gjekk på folkeskulen i Sør-Fron og vart konfirmert i 1927. Han kom inn på Eidsvoll landsgymnas i 1927 og gjekk der i to år. Han tenestegjorde eitt år i Garden tidleg på 1930-talet og kom deretter inn på Hamar off. lærerskole, der han tok eksamen i 1934. Om sommaren hadde han studieopphald i England og seinare på Island, men også lærarpraksis hos Lise Stauri på Hundorp i åra før krigen. Under krigen var han lærar dei to fyrste åra, men etter at skulen vart stoppa av NS og omgjort til «Hundorp skolehjem» frå 1943, arbeidde han som vaktmester på skulen fram til freden i 1945. I åra 1947–48 studerte han realfag, norsk og engelsk i Trondheim før han tok over styrarstillinga saman med kona si, Dagny Wedum (f. 1922) frå 1. august 1948. Han styrde den tradisjonsrike folkehøgskulen på Hundorp fram til han gjekk bort 1.10.1972. Det var eit styrartid på snaut 24 år.

Arbeid i folkehøgskulen

Matematikkundervisning i A-salen, skuleåret 1967–68. I dag blir rommet kalla Einbusalen. (Foto: Privat / Stauri-familien)Skulen var i mangt nedsliten etter fem krigsår, så det var nok av utfordringar for det nye styrarparet. Elevtilgangen var moderat i etterkrigsåra fram til rundt 1960-talet på Hundorp, som på så mange folkehøgskular. Utfordringane vart i det heile å leggje til rette slik at ein fekk nok elevar. Han valde i all hovudsak å halde fast på profilen etter foreldra sine med vinterkurs, jentekurs og sommarkurs. På den andre sida måtte skuleanlegget tilpassast ei ny tid med større krav til kvalitet og standard på opphaldsrom og undervisningsrom. Skuleanlegget vart derfor monaleg modernisert i styrartida hans. Familien måtte hjelpast åt for å halde bygningane i tidsmessig standard, krav om store investeringar og nybygg, varmt og kaldt vatn på kvart elevrom, bad og dusj melde seg. Skulen fekk ny handarbeidssal, opphaldsrom for elevane, «Tingstugu», i 1965. Are Stauri likte å byggje, og han var flink med bygging og fornying, sjølv med bygningar som i varierande grad var tidsmessige til ein elevflokk på 50 elevar kvart år. Ein måtte ta utgangspunkt i det som var, og omsynet til dei mange nasjonale kulturminna sette også sine avgrensingar. Ikkje minst galdt det meir byggjeareal, men han fekk bygd ny lærarbustad i 1965 og eige privatbustad stod ferdig i 1972, ein månad før han døydde. Dette var eldre tømmerbygningar frå Sør-Fron som vart flytta, innreidd og tilpassa til moderne bustadhus på Hundorp.

Engasjement

Are Stauri hadde mange interesser utanom skulegjerninga. Særleg var korsang og direksjon eit område han tidleg synte både talent og interesse for. Han dirigerte Sør-Fron sangkor i 17 år fram til 1958, og koret hadde i alle år gratis øvingslokale på folkehøgskulen. Deretter dirigerte han Fossegrimen sangkor på Harpefoss, seinare Vinstra og Kvam sangkor. I tillegg hadde han skulekoret på folkehøgskulen, så han hadde ikkje problem med å fylle kveldane. Are Stauri vart halden for å vera ein god og inspirerande dirigent og skreiv melodiar og arrangerte fleire songar for kora.

Are Stauri heldt oppe foredragsverksemda etter foreldra sine, og han kåserte ofte ved ulike tilstellingar. Tema var ikkje sjeldan henta frå norsk litteratur og historie. Opplysning og oppleving gjennom «det levande ord» betydde mykje for han, og han var ein inspirerande foredragshaldar. Han skreiv foredraga fullt ut, men kunne også improvisere og tala fritt. Foredraga vart i positiv grad «retorikk og actio-prega», noko som og understrekar hovudgivnaden hans, nemleg skodespelartalentet. Titlane kunne variere, som «Fjellet i norsk litteratur» og «Ibsen i Gudbrandsdalen». Elles sette han Vinje, Kielland og Hamsun særleg høgt, og han kunne sitere fritt frå desse forfattarskapa. Han hadde eit godt minne. Han var nok ikkje minst inspirert av professor Francis Bull, ein kjær gjest på sommarkursa i hans styringstid.

Are Stauri var ein god forteljar i lyd og lag og sette gode replikkar høgt. På det pedagogiske området sette han i gang faga «Sal og scene» og foredragsøving , der han med åra dreiv fram fleire gode stykke med elevane i sentrum, t d utdrag frå «Peer Gynt» og «Kongs-Emnerne». Han skreiv også eit lite stykke med bakgrunn i historia på Hundorp, eit spelstykke kalla «Dale-Gudbrand». Dette vart framført på Maihaugen i 1958. Eit viktig kjenneteikn ved Are Stauri var tvillaust hans evne til å sameine komisk stoff, forteljestoff, og heldig framføringsmåte av dette stoffet. Her viste han ei side som folk rundt han sette pris på. Han likte ikkje å kjede folk. Dei dramaturgiske evnene sprang ut i full blomst, ikkje minst viste desse evnene seg ved eit godt språkøyre, noko som ikkje svekte framføringa.

Peer Gynt-stemnet

Are Stauri var ein av grunnleggjarane av Peer Gynt-stemnet i 1967. Han kunne der ta i bruk skodespelartalentet sitt, ikkje minst ved at han lét elvane på folkehøgskulen framføre små tablå, men elles sette han i scene utdrag frå stykket der lokale amatørar spelte hovudrollene. Sjølv var han instruktør og regissør. Det var særs viktig for han at «Peer Gynt» ein gong måtte bli sett opp i friluft i eigen fjellheim, noko som vart ein realitet i 1989, mange år etter at han hadde gått bort.

Are Stauri var eit levande menneske, ein tenkjande far og ein spirituell og inspirerande ektemann, og mange elevar vil hugse han som ein god og levande lærar. Minneorda var mange etter at han brått gjekk bort etter ei tids sjukdom 1.10.1972.