Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Einbusamlinga på Hundorp

Gudbrandsdalens Folkehøgskule flytta frå Vik i Kvam til Hundorp i 1915. I 1920-åra vart skuleanlegget modernisert og bygd ut trass i trong økonomi. Folkeopplysning på nasjonal grunn var sentrale verdiar i folkehøgskulen, og folkeopplysningstanken bestemte motivval og uttrykk i det sentrale klasserommet på skulen.

Rasmus StauriGrunnleggjaren av Gudbrandsdalens folkehøgskule, Rasmus Stauri (1867–1932) spurde derfor Ragnvald Einbu om han kunne dekorere klasserommet med motiv som stod til dei sentrale skulefaga i folkehøgskulen, litteratur og historie. Rommet skulle tene til inspirasjon for tankelivet til dei unge – få dei til å tenkje over sider ved den nasjonale kulturen og norsk eigenart. Einbu takka ja til denne utfordringa, og kom til Hundorp på vårparten 1924. Han gjorde alt ferdig same året.

Skulesalen fekk i alt 20 måleri. 13 er større og har eigne titlar, og fleire av dei har berre tekster på norrønt henta frå Heimskringla. Åtte mindre måleri er plasserte over glasa som naturdekorasjonar (sjå fotnote). Det var skulestyrar Stauri som saman med Ragnvald Einbu valde ut motiva, og professor Fredrik Paasche var med som fagperson i dette arbeidet. Ein har henta inspirasjon frå Theodor Kittelsen (”Jutulen og Blessomen”) og frå Erik Wærenskiold, men dei fleste er originalt tenkt ut. Måleria er måla direkte på lerret festa til veggen. Slike måleri festa til trevegger på denne måten er heller uvanleg her til lands i dag.

Plasseringa av måleria i skulesalen var gjennomtenkt i 1924. Fleire måleri hentar motiv frå naturen utomdørs, mens andre ligg i geografisk rett retning til opphavet på måleriet. Her har ein teke omsyn til både storleik og lys, og desse 20 måleria i skulesalen skapar ein gjennomtenkt heilskap. Denne salen heiter i dag Einbu-salen.
Etter ei omfattande restaurering i 2002 av Bjørn Erik Kampen ved De Sandvigske Samlinger på Maihaugen er alle måleria og salen ført attende slik han såg ut i 1924. I dag blir salen ein god dokumentasjon på tenkemåte og skuleideologi i den tidlege folkehøgskulen, og er derfor av skule- og kulturhistorisk stor verdi.

Eit måleri med havmotiv er sett inn i 1999 over glas mot nord, og er måla av bildekunstnaren Anne Kristine Thorsby frå Sør-Fron.

Frå skulesalen på Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Hundorp

Ragnvald Einbu

Ragnvald Einbu Ragnvald Einbu vart fødd på Lesjaskog i 1870 og døydde i 1943. Foreldra var gardbruker og furér Peder Enebo og Marit Syversdatter Kvam. Dette fordanska etternamnet vart i 1925 endra til Einbu etter at han hadde fått impulsar frå norskdomsmiljøet, ikkje minst i folkehøgskulen. Faren kjøpte garden Silli på Lesja i 1889, og da den eldste broren, Johannes, tok over farsgarden Einbu, flytte dei yngre søskena dit. Ragnvald Einbu var berre 16 år gammal da han reiste til Trondheim i målarlære hos målarmester Holst. Der vart han verande i tre år, og lærte om måling av vanleg innbu og hus. Men Einbu var ikkje fornøgd med berre målararbeid.

På Lesja har det frå gammalt vore rik treskurd og rosemåling, og sansen og forståinga for denne delen av bygdekulturen vart vekt. Det vart helst om sommaren han dreiv med målararbeid. Om vintrane vart det mindre av den slags. Ein vinter han og ein kamerat låg på rjupejakt i fjellet, tok han til å skjera figurar av tre. Nokre av desse figurane fekk bilethoggar Skeibrok sjå i Husflidsforeningen i Oslo. Skeibrok var da lærar ved Kunst og håndverksskolen i Oslo, og han skaffa Einbu friplass ved skulen ein vinter. Der lærde han teikning og modellering. Denne undervisninga fekk mykje å seia for utviklinga hans. Med den rike fantasien sin kunne han etter kvart skapa dei underlegaste troll og figurar av ei trerot. Desse vart etter kvart kjende vidt utover. Han hadde også ei utstilling hos kunsthandlar Blomquist i Oslo på denne tida.

Direktør Anders Sandvig på Maihaugen såg talentet hans, og Einbu fekk etter kvart mange oppdrag der. Han fekk restaurere rosemålinga i Isum-kapellet og prestestova på Maihaugen. Han hadde også mykje arbeid i Garmo stavkyrkje, da ho vart reist i 1921. Da han gifta seg i 1915, var ekteparet Einbu dei fyrste som vart vigd på Maihaugen, og dei einaste i Isum-kapellet. Til jubileumsutstillinga for unionsoppløysinga med Danmark i 1914 laga Einbu også ein modell av De Sandvigske Samlinger på Maihaugen. Denne kom visstnok til Amerika.

Ragnvald Einbu har vore med i restaureringa av fleire kyrkjer. Lesjaskog kyrkje var truleg den fyrste. Han arbeidde seinare i Kinna kyrkje i Sunnfjord, Vivestad i Vestfold,og i mange kyrkjer elles: Dovre, Fåvang, Venabygd, Vågå, Ringebu, Kvikne i Nord-Fron, Nord-Sel kyrkje og Eid i Romsdal, Rjukan, Øvre Rendal, Folldal, Dalholen og i Mesnali kyrkje. Arbeidet i Lesja-kyrkja er nok av dei største arbeida til Ragnvald Eibu. Innimellom desse arbeida hadde han mange andre dekorasjons- og utsmykkingsoppdrag. Mellom dei fremste av desse arbeida er Kaffistova i Oslo, Trondenes folkehøgskule, kommunehuset i Åmli, Vågåmo skule, Isum gard på Hundorp, tre skular i Lesja og ved Marlo skule i Skjåk.

Han har også dekorert ungdomshus og private heimar. I over 20 år var han timelærar i måling ved Hjerleid husflidskule på Dovre, og tallause er dei skåp og møblar han har sett roser på. Vinterstid var ein god arbeidsbolk for Einbu, mellom anna kopierte han mange av biletteppa på Maihaugen. Våren og sommaren i 1924 gjorde han dekorasjonsarbeidet ved Gudbrandsdalens folkehøgskule på Hundorp.

Måleria i Einbusamlinga:

Dale-Gudbrand og Tord Istermage

Olav Haraldson kom på kristningsferd nedover Gudbrandsdalen i 1021. Den lokale hovdingmakta skal brytast ned og Tor må vike for Kvite-Krist. Rikssamlinga og kristninga kjem parallelt. Hersen Dale-Gudbrand bur på garden Hundorp,- det religiøse og politiske sentret i dalføret i hundreåra før årtusenskiftet. I møtet med kongen blir sonen til Dale-Gudbrand teken til fange nord i Sel, og hæren hans skrumpar til to hundre mann. Snorri Sturluson legg desse orda i munnen på Dale-Gudbrand i samtale med sonen sin: «No trur du straks på dette tullet som denne mannen fer med, han som har gjort hæren din til spott og skam».

Natta etter drøymer Dale-Gudbrand at det kjem ein ljos mann til han og varslar langt værre utfall om han etlar seg til å slåst med kongen. Sogekunstnaren Snorre, som han heiter på norsk, legg her inn eit symbolsk scenisk opptrinn før kristningsmøtet, og Kristus-figuren i draumen varslar trusskiftet.

Dale-Gudbrand har derimot ein god ven i Tord Istermage (ister=feitt). Han budde på storgarden Steig, som vi i dag kan sjå fritt mot himmelbrynet mot aust over Hundorp. Gardsnamnet Steig er fortidsforma i det norrøne verbet «stíga». Dit steig ein opp.

Tord var i godt hald, og bar nok oppnamnet «Istermage» med god grunn. Ned frå Steig gjekk han, men opp att orka han ikkje motbakkane, og laut ha hest.

Her har Ragnvald Einbu fanga inn dei to venene. Tord Istermage har akkurat fått høyre om skræmesynet til Dale-Gudbrand. Da er det Tord svarar: «Nett det same hende meg!» (jfr. den norrøne teksta under måleriet).

Håkon Toresfostre rir over Dovrefjell

Under måleriet står denne teksta:
”Men da opplendingane spurde (fekk greie på) kong Olavs død, tok dei til konge Håkon Torefostre, bror til kong Magnus. Sidan for dei Håkon og Tore (Steiga-Tore) nord til Trondheimen”.

Året er 1093, og bak dette måleriet ligg ei dramatisk historie med rot i storgarden Steig, der Dale-Gudbrands beste ven Tord Guttormson ”Istermage” budde. Etter Dale- Gudbrands nederlag i 1021, vart maktsentret i bygda flytt til Steig, og Tord gifta seg med morsyster til kongen. Ho heitte Isrid Gudbrandsdotter. Tord vart seinare ein god ven av kongen, og fekk såleis all lokal makt. Dei fekk ein maktkjær og stridsglad son, Steiga-Tore. Han vart den første rikspolitikaren Gudbrandsdalen har fostra. Han gav to norske kongar kongsnamn, og vart ein man som må reknast mellom dei fremste og mektigaste i landet. Han spelte ofte eit høgt og dristig spel, og på mange måtar er han ein typisk representant for den uvilje som må ha gjort seg gjeldande inna stormannsklassa mot ei sterkare kongemakt.

Tore frå Steig, eller Steiga-Tore, gav søskenbarnet sitt Harald Hardråde kongsnamn på tinget, da han og Magnus gode delte riket i 1046. Ved gjestebodet i samband med delinga gav Harald Steiga-Tore ein valbjørkbolle med sølvgjord og sølvhonk full av sølvpengar, to gullringar som vog ei mark i hop, og ei kappe av brunt purpur kanta med kvitt skinn. Det fortel Snorre.

Harald Hardråde fall ved Stanford bru i England i 1066. Sønene hans, Magnus Haraldson og Olav, som seinare vart kalla Kyrre, vart kongar i Norge. Kong Magnus døydde ung, men hadde ein son, som vart oppfostra hos Steiga-Tore på Steig, og vart kalla Håkon Torefostre. Da Olav Kyrre døydde i 1093, vart son hans, som seinare vart kalla kalla Magnus Berrføtt, tatt til konge i Norge. Men opplendingane tok søskenbarnet hans, Håkon Torefostre, til konge. Han får i soga ord for å vera ein lovande, venesæl mann.

Han vart sjuk på ei ferd over Dovrefjell, og døydde berre 26 år gammal ved han han sprengde både seg sjølv og hesten sin i jakta på ein rypeflokk. Ho flyg som kjent berre litt før ho slår seg ned på nytt. Soga fortel at han vart for ivrig i jakta på fuglane. På måleriet er kongsemnet på veg over Dovrefjell.

Heimferd frå Svolder

Slaget ved Svolder fann truleg stad i år 1000. Slaget stod mellom danskar under Svein Tjugeskjegg og svenskar under Olaf Skotkonung og nordmennene under Olav Tryggvason. Norske Eirik Håkonson jarl var med og kjempa mot kong Olav. Slaget enda med at nordmennene tapte. Olav Tryggvason vart skadd og hoppa over bord frå langskipet sitt og truleg drukna han. Langskipet til kong Olav heitte Ormen Lange.

Snorre Stulason har skildra slaget i soga om Olav Tryggvason i Heimskringla.

Fyrst klarte Olav og mennene hans seg godt. Einar Tambarskjelve stod ved masta på skipet Ormen Lange og skaut med pil og boge mot Eirik jarl på eit av fiendeskipa. Han heldt fleire gonger på å treffe.

Snorre skriv: “Da sa jarlen til ein mann som somme kallar Finn, men somme seier at han var finsk, og som var ei dugande bogeskyttar: «Skyt den store mannen i krappe-romet, du.» Finn skaut, og pila kom midt på bogen til Einar, nett som han spente bogen for tredje gongen, og bogen gjekk i to stykke. Då sa kong Olav: «Kva brast der så høgt?» Einar svarar: «Noreg or hendene dine, konge.» «Det var vel ikkje så stor brist,» sa kongen, «ta min boge og skyt med den», og så kasta han bogen sin til han. Einar tok bogen, drog den straks fram over odden på pila og sa: «For veik, for veik er kongens boge!» Så slengde han bogen tilbake og tok skjoldet og sverdet og kjempa.

Ein ballade frå Færøyane, Ormurin Langi handlar om slaget ved Svolder.

Jutulen og Johannes Blessom

Over den gamle prestegarden i Vågå reiser Jutulporten seg. Der inne held Jutulen til – sjølvaste trollet. Ein som møtte Jutulen var gardbrukaren Jehans Blessom frå Vågå, men han hadde nok helst sett at han slapp unna dette møtet i kongens København for lenge sidan.

Det var juleftan og Jehans gjekk å stura i gatene og stunda heim att til Vågå. Brått dreiv det forbi ein vagvær i kvit kufte med taskelok med knappar som sølvdalar. Det var stor kraftig kar.

«Du fær fort du», sa´n Jehans.

«Ja, é lyt nok skunde meg”, svara mannen, “for é skal ratt åt Vågå i kveld»

«Ja, Gud gje é kunne kome heimatt i kveld, é au”, sa´n Jehans.

«Du kan få stå på hjå meg», sa mannen, «for é har ein hest som trø tolv steg i mil´n».

Så gjekk det gjennom vêr og vind, og Blessomen hadde nok med å halde seg på meiane. Han såg korkje himmel eller jord, der dei fòr. Midtvegs var dei nede og kvilte, og i farten gløymde Blessomen att eine votten sin.

«Uff, e gløymde att votten min der oss kvilte; é frys så på neva», sa´n.

«Du lyt tåle det, Blessomen», sa Jutulen, for nå er det ikkje langt att åt Vågå; oss va halvveges der oss kvilte!»

Dei kom fram utpå kvelden, og Blessomen fekk beskjed om ikkje å sjå seg attende om han såg ein «ljosjé» (stort lys), eller høyrde ein kraftig skrell.

Men best det var kom skrellen, og med ein gong vart det så ljost at han mest tykte han kunne ta opp ei nål på bakken. Han snudde på hovudet og såg Jutulporten vidopen,- det skein og blenkte inni berget. Midt i opninga såg han jutulen, og det var mannen han hadde hatt skyss med frå København!

Men frå den dagen sat hovudet hans Jehans Blessom på snei, og slik vart det så lenge han levde. Og den dag i dag seier folk i dalen: «du lyt tåle det, Blessomé», når ein blir sett på ei hard prøve.

Kong Olav dreg austover til Gardarike

Snorre skriv: ”Da kong Olav hadde vore på Lesja om natta, fòr han med mannskapet sitt dag etter dag, først til Gudbrandsdalen, og derifrå utpå Hedmark. Da synte det seg kven som var venene hans; for dei følgde med han da. Men dei som hadde tent han med mindre truskap, skildest frå han, og somme vart uvenene hans og heilt opp fiendar, som dei seinare kom for ein dag”.

Motstanden mot kongen vart med åra gjekk større, og han måtte til slutt rømme landet. Einbu har late seg inspirere av ei teikning til Erik Wærenskiold i ”Heimskringla”, og her er kongen og følgjet hans på veg over Eidskogen mot Svitjod (Sverige) og seinare enda lenger aust til Gardarike, dagens Russland. Frå der kom han attende for å ta att landet, men fall på Stiklestad 29. juli 1030.

Kong Olav kjem snart til Hundorp

Da kong Olav hadde vore konge i Norge i sju år, fór han gjennom Nordmøre og Sunnmøre, og kom om hausten fram til Romsdal. Der reiste han opp gjennom dalen og kom fram til Lesja. Snorre Sturlason fortel at han sett inn prestar der han kom. Folk laut gjera eitt av to: ta ved den nye trua og tru på Kvite-Krist, eller gå i kamp og møte døden. Landet vart kristna med makt.

Seinare drog han over fjellet gjennom Lordalen og kom ned til Stavebrekka øvst i Ottadalen. Han såg ut over det mektige landskapet med fjell og vatn. Synet hans møtte dei grøderike bygdene innunder Jotunheimen.

Enno ein gong er det diktaren Snorre Sturlason som talar til oss i mektige scener. Dikting og historie flyt ihop hos Snorre da kristningskongen kjem fram mot dalen.

”Det er skade”, sa kongen, ”at ein skal brenne ei så fager bygd”. (jfr. norrøn tekst)

I Norddalen vart han i fem dagar. Her ifrå går bodstikka til den mektige Dale-Gudbrand på Hundorp. Nye tider er i vente, og det spørst at kongen går fram med makt.

Kong Olav kjem til Einbu

I soga om ”Olav den heilage” blir kongen mot slutten av livet sitt framstilt som ein heilag mann. Det går gjetord om gjerningane hans, og han er ikkje lenger vikingkongen, slik Snorre skildrar han. Men den lokale og nasjonale motstanden mot kongen veks, og han har da vore konge i snaut femten år.

Han var i ein gong 1028 på veg frå vest til aust, og hadde teke inn på ei seter på vegen. Snorre fortel at ved midnattstider, da dei låg og sov, lèt det så avskremmeleg stygt ute på stølen: ”såleis brenner meg no bøndene til kong Olav”, sa dette vettet (skrømtet), ”så eg kan ikkje vere lenger i husa mine, og no lyt eg rømme og aldri meir komme på denne stølen”. Kongen sa til ein av sine menn dagen etterpå: ”her skal dei byggje ein gard, og den bonden som her bur, skal alltid ha utkomma si og aldri skal kornet fryse her, enda om det frys både ovanfor og nedanfor”. Det er sagt at der frys ikkje kornet om hausten. Så fòr kongen over fjellet og kom fram til Einbu, og han var der om natta.

Ragnvald Einbu har her måla kongefølgjet opp til heimegarden Einbu.

Kristningsmøtet på Hundorp i 1021

Snorre Sturlason fortel om møtet mellom hersen Dale-Gudbrand og Olav Haraldson i Heimskringla. På Hove, nabogarden til Hundorp i dag, låg det nest største blothovet i landet. Det religiøse og politiske maktsentret i dalen i førkristen tid låg til Gudbrandsætta på Hundorp. Dei mange og store gravhaugane frå tida 750-1000 er i dag tause vitne om dette. Gravhaugane vitnar om politisk og religiøs maktkonsentrasjon i førkristen tid.

Men i soga om Olav Haraldson, nedskriven i fyrste halvpart av 1200-talet, blir bøndene og Dale-Gudbrands menn framstilt som veike, tafatte og lite for seg. Dei blir utsette for eit komplott og blir tvinga til å ta ved den nye trua og kaste vrak på Tor. Snorres framstilling er dramatisk, men skjematisk, og talekunsten til kongen og Dale-Gudbrands er vesentleg for den dramatiske framstillinga og styrkjer inntrykket av ”Norges evige konge” – Olav den heilage. I Fron bur han på garden Listad, går til messe kvar dag, vaker og ber før møtet med bøndene og Dale-Gudbrand.

Kong Olavs menn har bora hol i båtane til bøndene og sleppt fri alle hestane deira, slik at ingen kunne koma seg unna. Så kjem morgonen med klårvêr etter dagar med bløytevêr. Guden Tor kan derfor visast fram for kongen. Kolbein Sterke, ein kraftig kar frå Fjordane, får i oppdrag å slå til Tor det hardaste han kan under møtet mellom dei to.

Snorre skildrar dette slik:
Dale-Gudbrand: «Kvar er nå din gud”? Kongen svarar i det sola renn over Steig: «Snu dykk no og sjå mot aust; der fer no vår gud med mykje lys. (eller det store lys). Alle snur seg vekk, og med eitt blir Tor knust av Kolbeins klubbe. Rotter og mus så store som kattar flyt ut, og øgler og ormar! Dei var fora med fire leivar brød og kjøt kvar dag! «Ille står det til med dei som trur på slikt og ikkje vil slutte med dårskapen sin», seier kongen.

Snorre fortel at Gudbrand lét byggje ei kyrkje på garden sin etter dette nederlaget, truleg den fyrste kyrkja i Gudbrandsdalen. Sigrid Undset omtalar denne hendinga slik: «Tinget paa Hundorp kommer da til at staa for vor bevissthet som det avgjørende optrin i vor kristningssaga» (1921).

På Ragnvald Einbus måleri ser vi frå venstre bondehæren, Dale-Gudbrand, guden Tor, kong Olav, Kolbein Sterke, bisp Grimkjell og kongshæren. Det er rett før sola renn!

Norsk høgfjell

Fjellet og diktarene er eit sentralt tema i norsk litteratur, og tallause er dikta og skildringane frå norsk høgfjell. Gudbrandsdølane har i fjellet hatt ei kjelde for mautauk til det daglege livet i bygda gjennom seterliv, jakt og fiske. Ein såg ikkje på fjellet som ein stad for rekreasjon og kvile i det tradisjonelle bondesamfunnet.

Gudbrandsdalen har fostra mange fjellfolk, og mellom dei fremste står vagværen Jo Gjende (1794-1884). Han var meir enn ein stor reinsjeger. Denne sterke, men også sære mannen med sitt einebuarliv sommar som vinter i bua ved Gjendeosen hadde djerve meiningar om styre og stell i bygdelivet og i verda. Ludvig Holberg (1684-1754) og Voltaire (Francois-Marie Arouet (1694-1778)) var yndlingsforfattarane hans.

Kanskje er det storbukken hans Jo Gjende Einbu har måla ved Gjendeosen? Motivet med tittelen ”Norsk høgfjell” er i alle fall henta frå Gjendeosen i Jotunheimen.

Norsk natur

Motivet til dette måleriet med tittel ”Norsk natur” er henta frå Atndalen med utsyn mot Rondane. Vi ser dei kjende toppane med Høgronden i fremste rekkje. ”Inni Ronden har far min sitt slott”, sa den Grønkledde i ”Peer Gynt”.

Einbu får fint fram dei mektige fjella – alle måla som slott. Og vi forstår også Aasmund O. Vinje (1818-1870) som skriv: ”Me standa her som paa eit storknad hav” i sitt møte med høgfjellet.

Norsk natur: Fossefallet

Norsk natur: Tiur

Ole Håkonstad og Aasmund O. Vinje

I Ferdaminni fraa Sumaren 1860 fortel Vinje (1818-1870) levande om møtet med den trauste, velståande og sjølvstolte storbonden Ole Håkonstad frå Vågå. Her møttest det konservative og radikale livssynet, og Vinje har ikkje mykje til overs for eldgammalt, harskt, gult flesk på stabburet, og stivna tankar i hovudet. Dette møter han hjå stortingsbonden frå Nord-Gudbrandsdalen på vegen attende til Christiania.

Med skreppa på rygg og ferdastaven i handa møtte han landsbygda, og Ferdaminni er levande journalistikk og personlege inntrykk frå eit Norge i forandring på 1800-talet. På måleriet til Einbu står dei to ute på storbondetunet – Vinje i sine ferdaklede og Håkonstad i si kvardagsdrakt med krokpipa i munnen. Håkonstad´n var Eidsvoldsmann og langt ute i 80-åra da Vinje kom innom garden i Vågå.

Henrik Wergeland (1807-1845) skreiv ei bok om denne mannen det gjekk slikt gjetord om. Wergeland såg i han den gudbrandsdalske bondeadel som eit mønster for den norske bonden. Vinje var sjølv bygdekar frå små kår, og i tidsånda etter romantikken og i pakt med sitt vesen ironiserer og spottar han «rikdomen» og den gamle mentaliteten, som ikkje følgjer med tida.

I Ferdaminni sluttar Vinje dette møtet slik: «Daa eg stod i Haakonstad-Tunet og saag ned til Vaage Præstegard, der Krag var prest og gjorde somykit for Skulen og for at hjælpa folk fram, kom eg ihug dei sanne Ord i «Nyhetsbladet» yvir Krag: «Oplysning er Liberalitet». Slike Lovord fær ikki du rike Haakonstad'en paa di Grav».

Peder Christen Asbjørnsen i Rondane

Sommaren 1842 og 1847 drog Asbjørnsen (1812-1885) på innsamlingsreise i Norge. Han reiste mellom anna til Sel i Nord-Gudbrandsdalen og til fjells etter både reinsdyr og segntradisjon, kanskje etter seterjenter også!

I teksta “Høifjeldsbilleder” frå Norske Huldre-Eventyr og Folke-sagn (1845-48) kan det sjå ut som det skjedde mykje innpå fjellet, men det motsette var tilfelle.

På Laurgard skysstasjon nede i bygda møtte han skulelæraren, Hans Hansen Pillarviken, eit rikt utrusta kulturmenneske, og av han fekk Asbjørnsen fleire eventyr, mellom andre «Gullfuglen» og «God dag, mann økseskaft».

Den 15-år gamle Engebret Hougen vart ei hovudkjelde for Asbjørnsen, ikkje minst når det gjeld tre Per Gynt- segner: «Vala-budeiene», «Kristofer Eldførpungen» og «Kjetta på Dovre». Det er tydeleg at Per Gynt som segnfigur har vore populær i traktene omkring Høvringen.

Men den sentrale Per Gynt-tradisjonen finn vi i Sødorp i Nord-Fron, etter Peder Lauritsen Hage, som levde på 1600-talet. Historiene om han er mange og alle gir eit inntrykk av den lokale Per som situasjonens herre i møte med huldra og andre underbuande. Segnene vart skrive ned og teke vare på av Per Åsmundstad i Kvikne mot slutten av 1800-talet, lenge etter at Ibsen gav ut Peer Gynt i 1867. Ibsen kjende ikkje til dette segnstoffet.

I 1840-åra var Asbjørnsen på sitt mest etablerte som folkeminnesamlar, og han hadde eit stort namn i samtida. På dette måleriet ser Asbjørnsen inn mot fjellmassivet i Rondane.

Sceneteppet i Storsalen

”Ridderen rider vekk med sin jomfru” er tittelen på det store sceneteppet i den tidlegare gymnastikksalen på Gudbrandsdalens folkehøgskule.Teppet var midt-punktet i ein sal sterkt farga av grundtvigianisme og folkeopplysningstradisjon og vart laga same året som dei 20 måleria i skulesalen. Einbu henta tittelen på måleriet frå ein ballade, og det er ikkje vanskeleg å sjå eventyrmotiv i sceneteppet – dei to i framgrunnen med storgarden i bakgrunnen midt i ein mektig natur. Sceneteppet opna opp for fantasilivet og draumen mot scena, der dei mange elevane frå tidleg på 1920-talet og fram til sist på 1980-talet fekk vise scenekunstene sine. Måleriet er restaurert av Bjørn Kampen frå De Sandvigske Samlinger på Maihaugen i 2002.

Snøfrid og Harald Hårfagre

Snorre Sturlason (1177-1241) fortel i soga om Harald Hårfagre at han fòr ein vinter og tok gjestebod på Opplanda. Julekvelden kom Svåse til han da kongen sat til bords på garden Tofte på Dovre. Dette likte kongen dårleg, men Svåse gav seg ikkje,og sa at han var den finnen som hadde fått lov av kongen å setja gammen sin på den andre sida av bekken.

Kongen gjekk da ut og vart med finnen heim til gammen som han hadde sett opp. Der ute stod Snøfrid, dotter til Svåse, ei naudven jente, og skjenkte kongen ein bolle med mjød. Kongen tok imot og tømte mjødbollen, og med eitt gjekk der ein eldshete gjennom kroppen hans, og kongen ville liggje med finnejenta Snøfrid på flekken. Svåse sat at det skulle ikkje bli med hans gode vilje utan kongen festa henne og fekk henne etter lova. Kongen festa Snøfrid og fekk henne.

Han elska Snøfrid så reint i ørska at han brydde seg ikkje om riket sitt og alt han hadde å gjera. Dei fekk fire søner, Sigurd Rise, Halvdan Hålegg, Gudrød Ljome og Ragnvald Rettilbeine. Så døydde Snøfrid, men ho skifta ikkje andletsfarge; ho var like raudleitt som da ho levde. Kongen sat over henne i tre vintrar, han sørgde over at ho var død, men heile folket i landet sørgde over at han var forvilla.

For å gjera han god att av denne galskapen kom Torleiv Spake og lækte han, og det gjorde Torleiv med kløkt, såleis at han først jatta med kongen: «Det er ikkje underleg, konge, at du minnest så vakker og ættstor kone, og ærer henne i alt, slik ho bad deg. Men di ære er mykje mindre enn høveleg, og likeins hennar ære, når ho ligg for lenge i same kleda. Det er mykje rimelegare at ho blir flytt, og at dei skifter klede under henne.»

Straks dei flytte henne ut av senga, slo ein stygg og fæl utev og vond lukt opp frå kroppen hennar. Dei fekk laga eit bål i all hast, men først blåna heile kroppen, og det valt ut ormar og øgler, froskar og padder og allslags styggedom. Såleis seig ho i oska. Kongen steig til vit og gløymde all dårskap, styrde sidan riket sitt som før og vart like sterk som før. Han hadde glede av folket og folket av han, men riket av begge. Etter at kong Harald hadde fått greie på sviket til finnejenta, vart han så harm at han jaga bort sønene som han hadde med henne, og ville ikkje sjå dei meir.

Snorre Sturlason ved Snorrilaug, Island

Ved garden Reykholt på Island, som Snorre Sturlason la under seg og gjorde til hovudgarden sin, finn vi dette badebassenget. I følgje tradisjonen er bassenget utvida og forbetra av Snorre sjølv. Sturlunga-soga fortel at forfattaren og maktmennesket Snorre var flink med hendene sine. Bassenget er rundt 4 meter i diameter, og kanta med 1 meter høge steinar. Badebassenget blir fylt med varmt vatn frå Stifla, ei av dei mange varme kjeldene rundt garden. Frå kjelda blir vatnet ført i ei 120 meter lang renne, delvis dekt med stein.

I Stifla held vatnet 97 grader, men etter at det har passert gjennom renna, fell temperaturen til 65 grader. For å få passeleg badetemperatur, må ein stenge renna om kvelden, slik at det varme vatnet blir ført over i eit anna løp. Om morgonen vil da vasstemperaturen vera rett for morgonbadet.

Her står sagadiktaren og historikaren klar til morgonbad. Det var på denne garden Snorri Sturluson, som han heiter på islandsk, vart hoggen ned og drepen natta til 23.september 1241 under striden med ein av motstandarane sine, Gissur Torvaldsson. Dette var eit leigemord etter oppdrag frå norskekongen, som den gongen var Håkon Håkonson.

Til seters

Seterdrifta har vore viktig i Gudbrandsdalen. Her har Einbu fanga inn ein døl på veg til seters med hest og kløv. Sjølv om vi i dag brukar fjellet på andre måtar enn i det gamle bondesamfunnet, står seterlivet for oss i ein eigen glans. Edvard Storms dikt frå 1700-talet, Døleviser, gir gode stemningar frå dette livet og forventningane til livet i fjellet. Det romantiske uttrykket i måleriet er lett å sjå – karen går i folkedrakt ved sida av hesten – midt i ein mektig natur.

Tre måleri i gangen på Skrivargarden I

Desse måleria er laga i 1924. Einbu har kalla det eine ”Glitretind, høgfjell og skog” og den andre ”Heimdalen. Jotunheimen”. Det tredje er eit naturlandskap utan tittel måla rett på tre og restaurert hausten 2003. I desse motiva ser vi tydeleg Einbus styrke som dekorasjonsmålar – store liner og store flater i ein naturalistisk stil. Måleria passar godt på veg opp trappa.

Tre måleri i gangen på Skrivargarden II

Desse måleria er laga i 1924. Einbu har kalla det eine ”Glitretind, høgfjell og skog” og den andre ”Heimdalen. Jotunheimen”. Det tredje er eit naturlandskap utan tittel måla rett på tre og restaurert hausten 2003. I desse motiva ser vi tydeleg Einbus styrke som dekorasjonsmålar – store liner og store flater i ein naturalistisk stil. Måleria passar godt på veg opp trappa.

Tre måleri i gangen på Skrivargarden III

Desse måleria er laga i 1924. Einbu har kalla det eine ”Glitretind, høgfjell og skog” og den andre ”Heimdalen. Jotunheimen”. Det tredje er eit naturlandskap utan tittel måla rett på tre og restaurert hausten 2003. I desse motiva ser vi tydeleg Einbus styrke som dekorasjonsmålar – store liner og store flater i ein naturalistisk stil. Måleria passar godt på veg opp trappa.

Tre måleri i gangen på Skrivargarden – opp trappa i Skrivargarden

Desse måleria er laga i 1924. Einbu har kalla det eine ”Glitretind, høgfjell og skog” og den andre ”Heimdalen. Jotunheimen”. Det tredje er eit naturlandskap utan tittel måla rett på tre og restaurert hausten 2003. I desse motiva ser vi tydeleg Einbus styrke som dekorasjonsmålar – store liner og store flater i ein naturalistisk stil. Måleria passar godt på veg opp trappa.