Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Elevane på Vik og Hundorp

Å leggje Gudbrandsdalens Folkehøgskule til Hundorp frå 1915 vart gjort av fleire grunnar. Hundorp som nasjonal historisk stad hadde god klang. Det var naturleg at ein ny folkehøgskule i Gudbrandsdalen slo rot på det gamle høvdingssetet i dalen mellom gravhaugar og minne frå førkristen tid. Her tala stor fortid til alle sansar - til ungdom som til vaksne og eldre. Dei mange fornminna kan ein både sjå og ta på – her var rett atmosfære for fedrelandskjærleik og livskunnskap. På Hundorp fanst dei symbolske uttrykka for det historisk-poetiske i folkehøgskuleideologien.

Folkehøgskulen på Hundorp var i mange år ein skule som vart driven etter desse retningslinene, der ikkje minst tilknyting til nasjonal historie og Snorres forteljing om kristningsmøtet i 1021 gav inspirasjon, og vart ein viktig klangbotn i skulekvardagen. Skulen kunne gjere bruk av den nasjonale historia på Hundorp. Dette gav rom for tanken og kunne gi dei unge ei forståing av deira plass i livsstraumen. Dei fekk kjenne seg som ein del av den nasjonale historia. Hundorp ligg sentralt i Gudbrandsdalen, det lengste og mektigaste dalføret i landet. (sjå artikkel om måleria av Ragnvald Einbu)

Skulen – ein heim for elevane

Ein folkehøgskulevinter er ei livsform for elev og lærar. For dei som står for skulen frå år til år blir det ikkje mindre eit livsmål. Stein Fossgard kallar jubileumsboka si om den norske folkehøgskulen ”I arbeid og strid for ein ide” (1964). Ikkje minst var det ei hugsot for å få nok elevar og ein sikker nok økonomi til å halde det gåande. Utfordringane var fleire. Slik var det sjølvsagt også på Hundorp. I desse 85 åra skulen var i drift fekk rundt 3700 ungdomar sitt folkehøgskuleår. Mottoet for skulen var i åra 1902-1972 var: ”Ein skule er ein heim, og denne heimen er ein skule”. Dette mottoet seier mye om skuleinnhaldet og profilen til skulen. Skulen skulle vere meir enn ein skule – han skulle vere ein heim for elevane.

Gudbrandsdalens Folkehøgskule hadde gjennom 85 år to skulestader:

  • 1902-1915 på Vik i Kvam i Nord-Fron
  • 1915-1985 på Hundorp i Sør-Fron

Elevoversikt 1902-1987

År Elevtal Jenter Gutar
1902/03 40 18 22
1903/04 41 17 24
1904/05 33 11 22
1905/06 33 10 23
1906/07 35 12 23
1907/08 42 14 28
1908/09 50 24 26
1909/10 45 18 27
1910/11 31 12 19
1911/12 45 16 29
1912/13 33 18 15
1913/14 36 19 17
1914/15 30 14 16
1915/16 55 31 24
1916/17 43 15 18
1917/18 54 30 24
1918/19      
1919/20 51? 19 30
1920/21 57 20 37
1921/22 39 24 15
1922/23 41 24 17
1923/24 32 21 11
1924/25 32 18 14
1925/26 27 13 14
1926/27 36 21 15
1927/28 35 21 14
1928/29 39 19 20
1929/30 31 17 14
År Elevtal Jenter Gutar
1930/31 61 30 31
1931/32 47 27 20
1932/33 54 30 24
1933/34 59 38 21
1934/35 61 34 27
1935/36 64 32 32
1936/37 56 34 22
1937/38 53 30 23
1938/39 65 35 30
1939/40 55 35 20
1940/41 62 37 25
1941/42 65 36 29
1942/43 53 30 23
1943/44      
1944/45      
1945/46 63 32 31
1946/47 56 36 20
1947/48 40 21 19
1948/49 33 19 14
1949/50 35 18 17
1950/51 46 30 16
1951/52 44 21 23
1952/53 42 30 12
1953/54 31 20 11
1954/55 33 21 11
1955/56 31 17 11
1956/57 32 18 14
1957/58      
År Elevtal Jenter Gutar
1958/59 45 32 13
1959/60 51 35 16
1961/62 51 37 14
1962/63 50 34 16
1963/64 53 38 15
1964/65 53 43 10
1965/66 52 43 9
1966/67 50 40 10
1967/68 50 43 7
1968/69 47 41 6
1969/70 48 38 10
1970/71 51 47 4
1971/72 48 43 5
1972/73 45 45 0
1973/74 51 49 2
1974/75 54 46 8
1975/76 46 42 4
1976/77 51 47 4
1977/78 41 36 5
1978/79 47 41 6
1979/80 48 41 7
1980/81 46 36 8
1981/82 45 39 6
1982/83 27 20 7
1983/84 44 26 12
1984/85 36 18 17
1985/86 30 12 18
1986/87 40 18 22

Samla elevtal på vinterkurset 1902-1987 er 3695 elevar. Elevtalet varierte ein god del. Dei fyrste 25 åra gjekk i alt 1002 elevar på vinterskulen, 353 på jentekurset og 15 elevar kom i denne perioden frå Danmark og Sverige. Som det går fram av elevstatistikken, er 1920- og 1950-åra tiår med færre søkjarar, og det samla talet på jenter er større enn talet på gutar sett under eitt. Frå 1960-talet gjekk elevtalet opp, og heldt seg stabilt på rundt 50 elevar, med nokre avvik. Elevar frå byane strøymde til skulen i 1960-åra, og nye elevgrupper, ikkje minst frå den tredje verda, kjem mot slutten av 70-talet og på 80-talet.

Timeplan frå skuleåret 1946-1947.Dei 13 åra skulen heldt til på Vik i Kvam (1902-1915) gjekk rundt 550 elevar der, så godt som alle frå Gudbrandsdalen. Pioneråra på garden Vik vart grunnleggjande for skuleprofilen. Satsingsområda synte seg tidleg. Vinterkurset tok til fyrst i oktober og vara i seks månader. Frå 1903 vart skulekjøkkenet innnført, og frå 1908 jentekursa som var i to månader. Elevane skulle helst vera 17 år før 1.1. i skuleåret. Skulen fekk med åra i hovudsak tre hovudliner i den pedagogiske og kulturpolitiske profilen:

  • den lokale ved å vere open mot lokalsamfunnet
  • den nasjonale ved å ha brukt framståande kunstnarar og foredragshaldarar
  • den nordiske gjennom dei mange pedagogiske sommarkursa i åra 1908-1968 med motto ”kjennskap og vennskap i Norden”.

Deltakarane på dei nordiske pedagogiske sommarkursa kom frå både inn- og utland, og i alt samla desse årvisse kursa rundt 3000 kursdeltakar frå Danmark, Sverige og Norge.