Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (V)

900-årsfesten i 1921

(sjå eiga side)

Fredrik Paasche måtte flykte til Sverige under krigen. Her talar han Norges sak. Ved 900-årsfesten på Hundorp, 29. juli 1921, der Kong Haakon og rundt fleire tusen var til stades, heldt Fredrik Paasche ein vakker tale ved samlinga ved Olavshaugen kl 16.30, der kunnskapane hans om middelalderen og ikkje minst evnen han hadde til å poetisere historia hans tydeleg kjem fram, som i dette vesle utdraget:

Her hvor vi staar nu, har han engang staat og været stormende lykkelig. De som i slike stunder kom ham nærmest og kjendte ham bedst elsket ham. Intet beviser vel klarere det rike og givende i hans sind, end at skaldene, kunstnerne, de store giverne, elsket ham og svikesløst fulgte ham, til landflygtigheten, til kamp mot overmagt og til fald. (Stauri d.y1996:18)

Ein hyllest til forbildet, til kunsten, og til den åndelege kampen. Paasche skildrar vidare Olav den heilages tilknyting til Norge og Europa, og korleis Gudbrandsdalen uløyseleg er knytt til namnet hans. Dette sa han under festmøtet på Hundorp 29. juli 1921:

Uløselig er Gudbrandsdalens navn knyttet til hans minde, merkværdigere gjest har dalen ikke hat.” (…).Som vi staar her nu mellem gravhaugen og Dale-Gudbrands og Olavs Hundorp under det høie Steig, skal han forene os med hverandre, med landet og med dets skjæbne. Her stod ogsaa ham, her randt sollyset op over ham, vidt og festlig, et billede paa hans Gud og seier over mørkemagter, strænghet og mismods synd. Vi skulde kunne se det og forstaa det. Det sker jo om og om igjen. (1996:19)

Talarstolen på Hundorp med Vinjes kjende dikt på framsida ut mot publikum ”Kunnskap skal styra rike og land” vart laga av bygdekunstnaren Petter Sveipe i 1932. Professor Paasche var den første som tala frå denne. Bakgrunnen var Stauris gravferd 26. juni 1932. I mange av landets aviser vart det publisert nekrologar, og han vart rekna som ein viktig skulemann og folkehøgskuleideolog, som i særleg gard streka under kor viktig det var at skuleslaget fekk ei fri stilling utan eksamen.