Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (VII)

Are Stauri: 1948-1972 Pedagogisk grotid – "stor verksemd"

Da Are Stauri (1912-1972) tok over som styrar fra 1.september 1948, følgde han opp det som foreldra hadde bygd opp. Are Stauri (sjå eigen artikkel) vart ikkje i same grad som sin far ein organisasjonsmann og tok ikkje på same måten del i den ideologiske debatten om folkehøgskulens program. Han hadde lærarskuleeksamen frå Hamar i 1934, var lærer ved Fredriksborg Højskole i Danmark – Den nordiske folkehøjskole – med norsk litteratur og kultur som spesialfag. Året etter var han elev ved kvekernes akademi Woodbroke College i England. Så vart det å arbeide ved skulen på Hundorp i åra 1936 og utover. Krigsvinteren 1939 var han lærar i Skåbu i Gudbrandsdalen, og han gjorde ein studietur til Island i 1939. Folkehøgskulen vart stengt i 1943 som folkehøgskule for ”statsfiendtlig propaganda”, men heldt fram som ”Statens skolehjem” for ”vanartede piker”. Are Stauri var vaktmester på skulen i desse åra, frå 1943-1945.

Dagny og Are Stauri i 1964. (Foto: Elstad)Dagny Wedum, som skulle bli kona hans, vart også ein medarbeider for skulen (sjå eigen artikkel). Ho hadde sjølv vore elev ved skulen, ho var dølajente, hadde utdanning, (hotellfagskule og industriskule), og var vant til å arbeide med mange menneske rundt seg. Ho voks opp på Aasletten gard og pensjonat i Øyer. Dette kvalifiserte henne til å fylle rolla som kona til styraren og husmor ved ein frilyndt folkehøgskule.

Ho tok opp arven frå svigermor si, Lise, og ideologisk sett med vekt på tradisjonskunnskap, der ideane til Norges Husmorforbund kom til å stå sterkt, men med ein annen fagleg bakgrunn. Ho fekk ein funksjon som «husmor» og lærar i handarbeid fyrst og fremst, og ikkje minst som vertinne ved dei mange nordiske lærarkursa på 1950- og 1960-talet kvar sommar.

Saman tok den andre generasjons styrarpar sterkt vare på den nordiske lærerkurstradisjonen med gjester frå Norden kvar sommar fram til 1968, altså var det heilårsdrift ved skulen, og desse kursa sikra den økonomiske drifta fram til 1960- og 1970-talet, glansåra, da det igjen vart oversøking av elevar. Det var delvis grunna Stauris sjukdom frå 1970 at dei nordiske kursa tok slutt, men også grunna generelt generasjonsskifte.

Jentekursa som starta i april kvart år og heldt fram til St. Hans, tok dei hand om, og det same med vinterkursa som begynte rundt 6. oktober og varte til påske. Etter 1964 vart skuleåret utvida frå august til 17.mai med ei større avslutning med utstillingar av elevarbeid der foreldra kom og var med på festen. Fyrst på slutten av 1960-talet vart det slutt på dei kjønnsdelte kursa. I 1960 tok ”snikkerlina” slutt og ”forming” var nå eit faktum.

Dagny og Are Stauri la stor vekt på sangen og korbevegelsen, og Are bygde opp eit fast skulekor. Are Stauri dirigerte ei rekkje kor i midtdalsregionen. Saman stod dei for ein del utovervendt verksemd, han som foredragshaldar 17. mai og elles, og ho som leiar nokre år i Gudbrandsdal husmorforbund også med interesse for handarbeids- og saumtradisjonar ved like, særleg basert på gamle teknikkar. Ho var svært flink med hendene, kunne sy og brodere, kunne måle og likte særleg godt å lage akvarellar.

Ikkje berre hadde den nye styraren fått ei styrarkone. Han fekk også tre barn, som skulle få merke at dei var barn i ein folkehøgskuleheim. Dei måtte halde seg heime, ikkje gå på kafe før 18-årsalder. Det som skjedde heime var godt nok tilbod for dei, fekk dei høre. Her foregjekk det så mykje som var interessant for oppveksande barn også, ikkje berre for skulens elevar. Rasmus Stauri d.y. fortel at dei måtte delta ikkje berre i måltida, men på turar, tilstelningar og i form av representasjon generelt. Dei var gode hjelparar og skulle i tillegg vera gode eksempel for andre, akkurat som elevane skulle dei representere skulen positivt i lokalsamfunnet.

Skolens formål, fag og timar

Planen for skulen liknar mykje på den gamle, blant anna er ”formålet med skulen” det same i -50-åra. Men på 1960-talet skjer det ei endring. I skuleplanen for 1965 kan ein lese dette om ”folkehøgskolens oppgave”. Skulen vil ”prøve å være til hjelp i alt opplysningsarbeide i dalen og landet”. Vidare blir det halde fram at det er viktig å samle ungdom fra heile landet for å ”skape respekt og forståelse”. Og til slutt: ”Skolen vil gi de unge gode og nyttige kunnskaper så de kan fylle sin plass i livet som nyttige og gode medlemmer i et folkestyrt samfunn”. Tidlegere hadde det stått ”stat og kyrkje”.

Skulen får på 1960-talet et ”Elevlag,” og kvar 14. dag er det elevmøte, der elevane sjølve som står for møta, ordnar med tablå, sketsjar og anna, og der ”en eller flere lærere er med for å hjelpe til”. Planen legg som før vekt på å omtale Hundorp som ein historisk stad med ”tause vitner om den fjerne tida”.

Timeplanen for 1960 viser eit timetal på 36, men nå er skuletimane på 45 minutt, så skuledagen blir ikkje så lang. ”Kirkehistorie” og ”bibeltime” har etter 1945 gått ut. Dei ulike partia, ”teoripartiet, guttene, jentene, snikkerpartiet og husstellpartiet” har også litt forskjellige timeplanar. Slik har det vort i hele skulens historie fram til 1968. Da tek valgfaga over.

Faga er nå ”Norgeshistorie, verdshistorie, sang, norsk, snikring, litteratur, samfunnslære, foredragsøving, gym, rissing, (jentepartiet), helselære, rekning, geografi, fysikk, aktuell fysikk, geometri, lesing, engelsk for nybegynnarar og for vidarekomne, psykologi og sal og scene.”

Det var ingen eksamen ved slutten av skuleåret, men ”de elever som måtte ønske det, får høve til å ta en sluttprøve i fag som norsk, regning, historisk- eller litterær stil og engelsk”, står det å lese i skuleplanen for 1965.

Kultur gir kunnskap

Foredraga med det levande ordet var også «spesialiteten» til Are Stauri. På elevfesten 8.4.1951 heldt Stauri foredraget med tittelen ”Fritidsproblemet og ungdomen”, der han filosoferer omkring ungdom og ideal, og forskjellen på ekte og meir overflatiske verdiar. Her tek han til orde for at idretten er eit middel til god helse, ikkje eit mål i seg sjølv. ”Mens sana in corpore sano. Den fyrste delen av setningen vinn ein ikkje på idrettsplassen,- i eller mellom eit heiande publikum”. Og han fortsett med å foreslå idretten som noko som kan hjelpe til i ei vanskeleg ungdomstid.

(…), men ikkje i den form som nå er mest praktisert, med tipping, fast abonnement på Sportsmanden, og heiing frå tribunene i skibakken og på idrettsplassen. (…).Ein skal lære seg å bli glad i friluftslivet, fiskestonga er ofte ein betre kamerat enn Laffen som skora fire mål i fotballkampen førre sundag.

Han tek også opp at det er viktigare å finne ”glede i arbeidet vårt” enn ”å rekne arbeidet vårt snart berre i pengar og tariff”.

Eg meiner ikkje at vi ikkje skal ha skikkeleg løn for arbeidet, men at det må vera noko meir, vi må finne att gleda. Ein bonde sa ein gong: Dersom eg har ein tenar som brukar uttrykket ”husbondens hestar” så er dette ein tenar som ikkje er brukbar. Seier han derimot ”våre hestar”. Og vi kan like gjerne snu det på dette og seie:Bruker ein husbonde ordet ”dei” om folka på garden, er det ein dårleg husbonde, han skal bruke ordet oss eller vi!

Om ungdomstida refererer annan generasjons Stauri også til Bruun. Foredraga kunne ofte ha ei litterær vinkling, men dei tok opp eksistensielle spørsmål i kjent folkehøgskolestil. ”Har dei gamle diktarane noko å gje ungdomen i dag?» er tittelen på foredraget Stauri heldt i Ruste nye bygdehus 5.3.1966.

Seminar

Ope for bygda var dei såkalla ”laurdagsseminara”, der folk kom for å dyrke litteratur- og samfunnsinteressene sine. Skulen la stor vekt på litteratur, det var viktig å kunne fortelje ein god historie, å vera god til å formidle litteraturen for folk flest, i Fredrik Paasche- og Francis Bull-tradisjon, i det heile tatt å gjera god litteratur til livsopplysning. I skulebiblioteket var det tilgang på litteratur om ”Seksuallivets mysterier” og andre aktuelle folkeopplysningsskrift over temaet seksualitet og samliv.

Stauri gjorde opptak med eldre frøningar for å fange opp gode folkelege historier og la stort engasjement i forteljarerkunsten, – det er fleire nedskrivningar og lydbandopptak bevis for.

Nytt fag

Dirigenten Are Stauri Med faget ”Sal og scene”som vart sett i gang rundt 1960, vart elevane opplært i teater- og tablå- aktivitet, og det vart lagt vekt på utanattlæring av sang, dikt og skodespel. ”Draumkvedet” vart sett i scene. «Kongs-Emnerne» vart sett opp av skuleelevane. Stauri sier til avisa «Gudbrandsdølen» at det ikkje er noko i vegen for at heilt vanleg ungdom kan engasjere seg i for eksempel «Kongs-Emnerne» og sette opp dette stykket. Han skreiv sjølv eit historisk stykke, ”Dale-Gudbrand” i 1957, og han fekk ”smuglet” ut frå Det Norske Teatret Peer Gynt i Henrik Rytters omsetjing til nynorsk frå 1948. Sonen Rasmus skreiv dette inn på maskin med blåpapir, brukte ein måned i 1970 på dette og fekk sjølv eit innbunde eksemplar!

Stauri brukte Peer Gynt som kjelde til teaterverksemd gjennom heile livet, og han var ein av dei ideologiske drivkreftene bak Per Gynt- stemnet, som har vore årvisst sidan 1967.

Skulen hadde kvar fjortande laurdagskveld ”Elevkveld”, der det var program og opplesing frå skuleavisa, sketsjar, sang og alltid folkeviseleik i Hulda Garborg og Klara Semb-tradisjon. Styrarbarna måtte delta ved å vera til stades kvar gong. Desse kveldane vart det noko vanskelegare å få til mot 1970-åra, da elevane ikkje var så interesserte lenger, fortel Stauri d.y.

Folkehøgskulestyrer Stauri la vekt på høgtlesing, og elevane satt og høyrde på med vidåpne sansar. ”Jens Bidevind” var ein roman som gjekk rett heim kvart år, og romanen vart lesen høgt.

Kvar dag var det ”ord for dagen” der ein elev hadde førebudd eit innlegg om noko som opptok han. Det var også ein sang, før elevane vart delt og gjekk i de tre salane A, B og C-salen ettersom kva for fag dei skulle ha. Elevane hadde plikt til å arbeide med skulearbeid om ettermiddagane, da skulle det vere ro og lekselesing frå kl 17.00 -18.00.

Faget ”Foredragsøving” var viktig, og i ei notatbok frå Are Stauri frå 1942-43, allereie lenge før han tok over skulen, viser den interessa han la for dagen ved at elevane skulle lære å formidle noko som opptok dei på ein god måte. Kommentarar til eleven etter framføringa kunne vera at «stoffet var levandegjort, ”får lyst til å fare der”, og ”festleg”, at det var ”godt mål” eller ”må tale med sin eigen dialekt”, ”fritt og greit”, ”litt for detaljert, men flukt over framstillinga”, ”pen framtreden!”, ”nemne der du bor, historiske stader”. Eleven skulle konkretisere, det var også viktig for ei god forteljing.

Måltidene

Måltidene hadde ein sentral plass i folkehøgskulekvardagen og i fest. Presis når matklokka hadde slått, skulle elevar og alle dei tilsette, sjølvsagt styrarfamilien også, vera på plass i matsalen. Det vart ikkje bede bordbønn, men det skulle vera god bordskikk, elevane skulle mellom anna lære seg bruk av kniv og gaffel og manerer, slik folkeskikken tilsa. Dei to skulekokkene fekk hjelp av elevane etter turnus til servering og oppvask.

Turar

Skulens pedagogikk var tufta på at ein skulle lære om og oppleva norsk natur og kultur. Elevane skulle få orientering, lære teori og deretter gjera det sjølv. For å bli kjent med norsk natur, kunne dei ta utflukt til fjells. For å forstå kor viktig naturen er for diktekunsten, kunne dei få oppleva eit litteraturforedrag om diktarane og fjellet nettopp i fjellet. Det var faste turar til Maihaugen og Aulestad, heimen til Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson. Det gav også ei god følelse av meistring å gå fjellturar for ungdomar frå både by og land. Byungdommane kom i aukande grad til folkehøgskolen i løpet av 1960-talet og frametter.

Internatliv og reglement

Grundtvigs ideologi om folkeopplysning. Reglementet for elevane var svært tydeleg utforma. Året er 1960. §4 i ordensreglementet hadde denne ordlyden: «Skrifteleg arbeid må leverast i rett tid, I tida kl 16.30 til kl. 19.00 er det lekselesing og anna heimearbeid. Radio eller grammofon eller anna som hindrar absolutt arbeidsro må ikkje vera i bruk da». Da skulle det vera heilt stille, ingen radio eller grammofon. Denne paragrafen stod trykk på timeplanen og vart avslutta med "Hugs det!" I det heile var reglar for skikk og bruk tydelige. Det var også praktisert absolutt oppmøteplikt. Dersom ein elev ikkje møtte, vart ho eller han straks henta og måtte delta. Dette var viktig for ein skule der formålet, ifølgje skulens ”Undervisningsplan” ,ikkje var ”å ta sikte på karakterer i de forskjellige fag, men på å bygge og utvikle karakteren i mennesket.”

I lærarråd var det i følgje protokollane berre unntaksvis behov for å drøfte disiplinærsaker. I perioden 12.6.1956 til 1.10.1965, er det ein elev som ikkje får karakterar, men «han hadde heller ikkje lågmålsalderen og var heller ikkje av den grunn vanleg elev». Ein elev sluttar «etter eige ønske 10.1., for å ta seg post på Gålå Høgfjellshotell, Harpefoss.” Året er 1958, og eleven er ungarsk. I 1959 er det ei disiplinærsak, der 19 år gamle (…), « elev på vinterkurset, har fleire gonger vore burte frå skulen om nettene. Ho har fått strenge åtvaringar for dette, og vart gjort kjend med at dersom det tok seg opp att fleire gonger, måtte det føre til bortvising frå skulen.(…). Vedtak: Lærarråd finn at eleven ikkje kan vera på skolen, men må reise.”

Neste protokollførte disiplinærsak skjer 27.3.1965, der det er to jenter som sett grå hår i hovudet på lærarkollegiet. Ei grunngiving på tre sider konkluderer med at dei to må slutte på skulen fordi dei har «planlagt alt i god tid med m.a, å syte for brev frå Lillehammer med tanke på å føre både heimen og skulen bak lyset». Desse to jentene hadde tatt seg turar til Ringebu og Vinstra. Dei måtte slutte etter å ha gått på skulen i ¾ år.

«Eg trur nok vi kan få bort mange asosiale tendensar når ungdomen ”slipast” gjenom ein internatvinter. Dei unge kan få hjelp her til å lære seg noko folkeskikk.” Dette sier Stauri i et intervju i avisa "Gudbrandsdølen" under tittelen ”Folkehøgskulen i moderne tid kan lære dei unge folkeskikk”. Intervjuet var 20.sept. 1962 i høve Stauris 50-årsdag og etter 14 år som styrar ved folkehøgskolen. Journalisten spør ”Det vantar det på elles, meiner du?” ”Kva tykkjer du sjølv? Det ville vera bra om vi kunne ”nøyes over litt mindre” for å tale med Hamsun,” sier Stauri vidare. Gjennom vennleg og verdig atferd kunne menneska vera til glede for kvarandre, gir Stauri vidare uttrykk for. Han forklarer betydningen av livsglede og at livsstandard og levestandard ikkje er det same. Igjen viser han til litteraturen, denne gongen Tor Jonsson. Stauri har merka ei forandring i mentalitet i si tid.

Det vart sagt at elevane gret ei veke da dei begynte om hausten på folkehøgskulen, og at dei gret ei veke når dei skulle slutte om våren. Mange gjorde også det.

Nye krav til utbygging

Lover og nye forskrifter for folkehøgskulen førte med seg krav om materiell standard for skulen. Det vart viktig å byggje ut, forbetre, restaurere, pusse opp. Det vart på 1960-talet gjort store utbetringar på elevromma. Ny badstove vart sett opp på 50-talet, og det vart lagt innferdig varmt og kaldt vatn på alle romma i 1962, sentralfyring vart installert i det same tiåret og eit svømmebasseng i hagen vart bygd i løpet av 1960-åra. Men den store forandringa kom ved ny elevsal, «Tingstugu» og handarbeidsrom i 1965. Det kosta mykje å drive ein privat folkehøgskule.

Året er 1970. ”Nå er eg vorte for gamal til dette her,” sier Stauri til familien sin, ”I dag kom det en elev og ba om å få sjå skulebudsjettet i klassens time.” To år etter døde Stauri bare 60 år gammel. Helsa veikna og han døydde 1.10.1972 i det nyoppsette huset i hagen på Hundorp. Ein epoke var definitivt over og eit intenst folkehøgskuleliv var endt. Men skulen hadde ein posisjon, ikkje berre i dalen, og søknaden til skulen hadde vore god i Stauris styrartid, som på så mange folkehøgskular i same perioden.