Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (I)

Av Tine Elisabeth Slang og Rasmus Stauri

Gudbrandsdalens Folkehøgskule var styrt av same familie frå 1902-1972 og var i privat eige frå 1902 til 1984. Rasmus og Lise Stauri, Are og Dagny Stauri var sentrale folkehøgskulefolk i skulens historie. (sjå eigne sider).

Tidsskifte og styrarskifte

1902-1932

Styrar i desse åra er grunnleggjaren Rasmus Stauri. Skulen opnar på garden Vik i Kvam, i leigde hus 12.oktober 1902.

1915-1932

Skulen blir flytta til den historiske garden Hundorp i Sør-Fron og får eige hus. Det blir ei større utbygging og utbetring av bygningane i desse åra. Stauri kjøpte 50 mål av garden Hundorp for kr 30 000 og sette heimegarden i Stryn i pant. Han vart aldri skuldfri.

1932-1943

Styrarskifte i 1932 – enkja Lise Stauri overtek og blir den fyrste kvinnelege folkehøgskulestyraren i Norden når Stauri dør i juni 1932.

1943-1945

NS stengjer skulen, som blir til Hundorp skolehjem. Lise Stauri (f. Høie) blir sett til å stå for drifta.

1945-1948

Lise Stauri tek opp att folkehøgskuledrifta etter krigen og styrer skulen til 1.8.1948.

1948-1972

Neste generasjon tek opp arven, sonen Are Stauri overtek hausten 1948. Lise Stauri dør i 1949. Are Stauri driv skulen til han går bort 1.10.1972. Dagny Stauri (f. Wedum) held fram som lærar ved skulen fram til nedlegginga etter ein elevpåsett brann i 1987.

1973-1983

Styrarar utanfrå for fyrste gang. Folkeuniversitetet i Norge leiger skulen i ti år frå 1.8.1973 til 1.8.1983. Fem rektorar i denne perioden: Gunnar Kambestad, Hallgjerd Bratset, Lars Bjådal, Mauritz Årflot, Jan de Vibe styrer skulen dette tiåret.

1983-1984

Skulen blir leigd ut til Gudbrandsdal Ungdomslag frå 1.8.1983. Rektor er Thorbjørn Ljones og Randi Skeie

1984-1987

Skulen blir seld og driven av Gudbrandsdal Ungdomslag frå 1.8.1984. Internatbygget brende ned til grunnen natt til 21.4.1987. Ein elev tilstod ugjerninga etter politiavhør.

Epokeinndeling

Vi vel å dele inn 85-års skuledrift i fem epokar med desse nemningane:

  1. 1902-1932 Pionertid – ord som kan ”vække, gløde og forandre personlighedslivet”
  2. 1932-1948 Høgskulemor – ”å vokte den hellige ild”
  3. 1948-1972 Pedagogisk grotid – «stor verksemd»
  4. 1972-1983 Systemskifte og rektorskifte – «framhald med leigde styrarfolk»
  5. 1983-1987 Avprivatisering – «nye tider og nye folk»

Grunnlaget for å dele inn i desse epokane har fyrst og fremst vore skifte av styrar/rektor. I ein personsterk skule som folkehøgskulen hadde styraren og eigaren av skulen ei sterk stilling. Da skulen vart leid ut i perioden 1972-1983, vart det ofte skifte av rektorar. Den siste epoken varslar ei ny tid med nye folk, ”Skulen er vår” er avisoverskiftene når eigarskiftet er eit faktum i 1984.