Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Gudbrandsdalens Folkehøgskule
– eit danningsprosjekt gjennom 85 år. (IV)

Ordets makt og bodskapen til ungdommen

Frå 1894 finst det fyrste foredragsmanuskriptet. Foredragsformen vart ei berande kraft i skulekvardagen på Kvam og Hundorp. Han heldt foredrag om ”Ungdomssaka og åndslivet blant den moderne ungdomen” i 1894. Han oppfordra dei unge til å delta i det nasjonale arbeidet som venta og ikkje kaste bort tida av omsyn til seg sjølv. Elles heldt han foredrag kvart år i ulike samanhengar, både 1. og 17. mai og ved forskjellige folkemøte.

I 1911 vart boka Frå sjælelivet – tri foredrag for lærarar gitt ut på Olaf Norlis forlag i Kristiania. Også den gongen var ein klar over at undervisningsteknologien kunne verke meir blendande enn å tilføre verdfull kunnskap:

”Det er ikkje fritt for, at ordet held paa å kome ut av kurs i vaar tid. Er det tillyst eit foredrag i eit eller eit folkeakademi t.d., høyrer ein ofte dette: Det er berre eit foredrag – utan lysbilæte.” (Stauri1911:19)

Han meinte at mange heller ville sjå enn høyre og at dette var ein tendens i tida. Sjelelære høyrde lenge innunder det teologiske fagfeltet, psykologistudiet vart fyrst starta i 1909, Universitetet i Oslo. (Thuen 2004). Denne boka har ikkje tapt sin aktualitet og var moderne for si tid.

Folkehøgskulen var tidleg ute med å leggje vekt på ”sjælelivet” i pedagogisk samanheng, det hadde å gjera med kritikken av rasjonalismen som romantikken hadde ført med seg og som folkehøgskoleideologien var en viktig del av.

Stauri kjende til assosiasjonspsykologien og læring ved ”vilkårlig og uvilkårlig ansing”, (persepsjon). Han skilde også mellom ”tilfældige iaktagelser/ inntrykk” og ”undervisning etter en plan”. Han refererer til og kjem ofte med eksempel frå litteraturen. Han kjenner til og skriv om ”overmedvit” og ”undermedvit”. Han skriv om hørselsmekanismar og lyd i detalj på ein naturvitskapeleg måte, og korleis stemma er med på å gjera det munnlege ordet levande.

Stauri viser i boka si stor tiltru til kjenslelivet hos mennesket og knyter dette til idealismen og det å ta stilling, det å stå for noko:

Men kjensla er ikkje berre eit middel. Ho har og eit maal, har verdi i seg sjølv. Det aa leve er hovudsakelig dette: aa kjenne, kjenne livet som det er med sorg og glede, von og otte, plikt og ansvar i hele sitt rike, skiftande mangfelde. Kjenslerne gjer, at vi ikkje kan staa liksæle likeoverfor det liv som rører seg ikring os.Vi tek parti for eller imot ei sak, ein tanke, vil gripe inn, gjera noko. Det beste menneskje soga fortel om er slike, som har livt for ein stor tanke, vore trufaste mot ein ide. (Frå Sjælelivet, 1911)

Han siterer så dette diktet av Vinje:

For tankarne dine maa du liva
som for dine andre born,
og ikkje dei smaa or huset driva,
som mala for deim ditt korn.

Du lettare skulde paa baara fljota,
Naar dei fara hit og dit;
Men den som vil fader-gleda njota
Maa kjenna til fader-slit.”
(1911:16).

Hundorpsangen av Pål Kluften frå 1930-talet. Åndsarbeid skulle og måtte koste, fyrst da ville det føre til noko godt. Fleire titalls manuskript finst etter han, da ingenting skulle eller måtte kastast. Dei fyrste foredraga er skrive fullt ut. Seinare vart han sikrare og skreiv meir punktvis innhaldsliste, men opningsord og avslutningsord er alltid nedskrivne. Foredraga er personlege og med eit overordna siktemål – dei skulle vekkje og gløde og gi kunnskap. Det er sagt om han at han var ein god foredragshalder, men at han innimellom kunne mangle vidd og humor. (Stauri d.y. 2002).

Vik og Hundorp på kartet i Norden

Åra på Vik i Kvam var strevsomme og tunge, men også givande pionerår for skulen. I 1907 giftar Stauri seg med prestedottera Lise Høie frå Stavanger, og dei fekk fem barn: Sigrid (f.1908), Liv (f.1909), Eli (f.1911), Are (f.1912) og Synnøve (f.1918).

Dei heldt husrom i andre etasje over elevsalen, og levde i eitt med elevane og skulle, slik folkehøgskulen skulle vera, – ein heim. Han fekk i tillegg sett opp eit klokketårn og ikkje minst ei flaggstong midt på gardsplassen. Om det vart nytta reint norsk flagg i den stanga før 1905, veit ein lite om, men det er ikkje urimeleg å tru det.

Han vart kalla ut som grensevakt, og han var overbevist republikanar i 1905. I dagboka skrive på Kvam 13. sept. 1905 står det: ”- Med skolen gaar det ikke som jeg hadde haabet, vinder ikke tilslutning. Nu bare 13 elever.” Dagboka, Kvam 14. sept. 1905:”Har i dag faat mobiliseringsordre. Hvordan det hele vil gaa maa Gud vide. (…). Jeg er ikke egentlig ængstelig, saa det maa vist gaa godt (…).

I åra fram til 1915 da skulen fikk eigne lokal på Hundorp hadde Stauri vært engasjert på mange område. Det var viktig å opne skulen og miljøet mot omverda.

Nordiske lærarkurs

Det fyrste dansk-norske lærarkurset på Vik i Kvam, 1908. Desse kursa vart haldne fram til 1968, men ikkje under krigen. I 1908 kom gjennombrotet for dei nordiske lærarkursa som skulle kome til å bli så viktige for skulen med pedagogar frå dei nordiske landa. Desse kursa vart halde kvar sommar heilt fram til 1968. Fyrst var det danske lærerkollegaer som skulle møte norsk litteratur, natur og tenkjemåte, seinare svenske skulefolk, for på den måte å styrke den nordiske samkjensla. Desse sommarkursa kunne ha inntil 150 deltakarar, og pedagogane budde både på skulen og i bygda, i Kvam og på Sør-Fron. Sommarkursa var nødvendige for økonomien vinterstid, men dei representerte også ein stor inspirasjon for drivarane med nye folk og nye synspunkt, der dei sjølve fekk vise fram kva bygdene, dalen og landet hadde av verdiar i landskap, ord og tonar. Som foredragshaldarar ved dei nordiske lærerkursa fram til 1912, kan desse nemnast:

”omframt styraren for skulen: Amtsskulestyrar Håkon Aasvejen, overlærar dr. Bjørlykke, skuledirektør Eftestøl, Bernt Lie, Haakon Løken, dr.Kr. Ree, observator Schroeder, fru Martha Steinsvik, stortingsmann Oddmund Vik og komponist Wendelborg.(Stauri 1912).

Fleire tunge stunder

Men her vart mange tunge tak innimellom, noko dagbøkene kan fortelja om

Dagboka, Hundorp, 20.september 1922:

Program frå eit lærarkurs i 1951. Har i går og i dag gjennomgåt gamle breve og dagbøker. – Brendt en hel Mengde. Har levet det hele om igjen. Det er ikke så mange lykkelige år i grunnen jeg har havt, det meste har vært skuffelser og motgang. Det er vel striden mellom higen og evner,- De siste står så dårlig i forhold til de første. – Nu kun 23 innmeldte elever. – Det minste antal på mange år på denne tid.

Dette var nok ein tung ettertankens dag for Stauri. Dagboknotata frå denne perioden og seinare viser at det som oftast var eit spørsmål om å få nok elevar, og at kampen for levebrødet gjekk parallelt med kampen for ideane. Han skuldar ofte seg sjølv for ikkje å vera flink nok, men ettertida viste at han nok var vel streng streng mot seg sjølv. Ivar Kleiven (1854-1934) skreiv i Fronsbygdin (1930): «Han har vore ein god mann for Gudbrandsdalen». Dette var ord han sette pris på, skrive av «Gudbrandsdalens Snorre»

Rolla til styraren

Det er styraren sjølv som skreiv dei to ti- og 25-årsmeldingane for skulen i 1912 og 1927. Han er grunnleggjaren, han er skuleeigar, skuleideolog, skribent og organisasjonsmann, og han er for ein stor del lærer. Han har sjølv timane i faga historie, verdshistorie med kyrkjehistorie, litteratur, norsk og samfundslære. Vidare har han hatt ”anten geografi eller song”, og kvar vinter ei rekkje foredrag om mange emne.

Skuledrift i pioneråra, fag, timar og elevar

Frå venstre: Rektor Stian Kristensen, fiolinist Gunnar Knudsen, professor Francis Bull, Bergljot Kristensen og rektor Christian Hansen, Danmark. Frå eit sommarkurs ca. 1960. (Foto: Privat / Familien Stauri)Skulen byggjer på grunnlaget frå folkeskulen. Elevane bør vera over 17 år. Det er fellesundervisning for gutar og jenter. Skulen begynner som regel omkring 1. oktober og varer i 6 månader. Faga er:”Mundtlig og skriftlig norsk, naturfag, historie, geografi, samfundslære, regning, landmaaling, bogholderi, sløid, gymnastikk, kvindeligt haandarbeide, tegning, sang, husholdningslære.”(Stauri 1912:4).

Om det kunne vera ottesamt å drive skule når elevtalet varierte, så vart Stauris styrartid desto viktigare for framtida til skulen. Det pedagogiske og ideologoiske grunnlaget ved skuledrifta, ideane og praksisen, vart sett opp i denne fyrste epoken. Og tida vart nytta godt. Timeplanen inneheldt minst 40 timar pr. veke. Timeplanen for skuleåret 1917-1918, for 54 elevar, 30 jenter og 24 gutar, hadde faga ”heimssoga, norsk, rekning, geometri, teikning, handarbeid, gymnastikk, noregssoga, naturfag, foredrag, lesing, landkunna, song, helselære, samfundssoga, bokssoga og landkunna”. ”Kirkehistorie” var også på timeplanen. Laurdagskveldane er det ”oplesing og foredrag”. I pioneråra skreiv Stauri mye av den litterære produksjonen sin, deltok i tidsskriftskriving og skulepolitisk organisasjonsarbeid og han vart nytta som foredragshaldar i inn- og utland og heldt tallause foredrag i Gudbrandsdalen. Likevel vart det vanskelege år, også lenge etter skulen vart flytta til Hundorp (1915).

Jentekurs frå 1908 og meir til. Elevtal

Jentekurs med matlaging frå 1950-talet. På 1920-talet begynner ei smalare tid igjen, slik det hadde vore i åra 1904-1907. I 1908 startar han opp med tomånads praktiske jentekurs frå april til juni, ei ordning som skulle kome til å halde fram heilt fram til midten av 1960-talet. Elles syner elevprotokollane at det i åra 1910-1915 gjekk i snitt 35 elevar ved vinterkursa. Skuleåret 1921-22 begynte 39 elevar, i 1923-24 er elevtalet 32, 21 jenter og 11 gutar, og det er stort sett etter den samme timeplanen. Nå er det kome med ”landmåling”og ”engelsk” og ”bokbyte og oplesing”, - og ”foredrag” foregår laurdagskveldane som før. I 1924-25 er elevtalet 32 igjen, 18 jenter og 14 gutar, og timeplanen er som før, men nå heiter det ”Literatur” og ”Literaturhistorie” istadenfor ”lesing” og ”bokssoge”. Året 1925-26 begynte berre 27 elevar, 13 jenter og 14 gutar.

Elevavisa ”Fram” starta allereie i 1902, og heldt det gåande under namnet ”Fram” og ” Bodstikka” fram til ca. 1965. Her skreiv elevane om laust og fast etter tur, også etter at dei hadde slutta på skulen. Dette er fine samtids- og personlege dokument. Sangen var sentral i alle desse åra.

Bokmanusskript viser at Stauri var hovudkrafta bak utgivinga av den etter kvart så kjente sangboka, meir kjent som Mads Bergs songbok i ettertid, og sangen skulle bli eit varemerke for skulen i fleire epokar. Ordet, foredraget og den daglege verksemda var kjenneteikn for skulen.

Kvar dag gjekk Stauri tur på same tid, med stokk! Kvar dag hadde elevane fyrst teori, deretter praksis. Fleire gonger i veka kunne elevane ta del i Norges- og verdenshistorie, Stauris hovudinteresse låg nettopp i historiefaget.

Av lærarar ved skulen hadde ein i Stauris periode fleire med ulik kompetanse:

Skulen har i alle aar havt 1 lærar og 2 lærarinner omframt styraren, so nær som første aaret daa det ikkje var skulekjøken, og det berre var 1 lærarinne. Vidare har dr. Holst og dr. Kr. Ree halde foredrag over ymse emner fraa helselæra (Stauri 1912:4).

I 1927 var det fem faste lærarar ved skulen, i tillegg til styraren. Dei fem var Lise Stauri, Olav Naadland (lærareksamen og studenteksamen), Reidunn Bru (Statens lærerinneskule i husstell, kurs i handarbeid), Anna Steig (Kristian Falkenhaug, utlært skomakar på skomakarverkstaden på Oscarsborg 1917 og –18). (Stauri 1927:12-13).

Kjende kvinner og menn kom til skulen

Elevane fekk i perioden 1902 – 1912 i følgje tiårsmeldinga for skulen, foredrag i skuletida eller på ”elevmøte av kjente foredragshaldarar:

Bjørnstjerne Bjørnson, ingeniør Just Broch, pastor Peder Christensen, skuledirektør Eftestøl, statsraad H.K. Foosnæs, kyrkjes. Fedje, Stefan Frich, gaardbr. O.T. Gillebo, professor Hægstad, provst Koren, Haakon Løken, verksmeistar Lien, kjøpm. Einar Lunde, skulstyrar Midtvik, rektor dr. A, Ræder, sekretær Selau, Kristiane Skjærve, fru Martha Steinsvik , J. S. Thornton, amtsskogmeistar O. Thrana, stortingsmann Oddm. Vik, komponist K. Wendelborg, biskop Wexelsen. (Stauri 1912)

Ved eitt av ”statens kursus” for lærarar var mellom andre ”frk Helga Eng ” (seinare Dr. Helga Eng) foredragshaldar. Av folk frå Gudbrandsdalen var særleg ”folkemelodisamler Pål Kluften”, songaren Olav Aasmundstad og forfattaren Tore Ørjasæter sentrale, alle tre viktige formidlarar av gudbrandsdalskulturen. Foredragshaldarar frå Norden gjesta folkehøgskulen, mellom andre danske professor Schroeder, men også folk frå England, Sveits og Russland. Orienteringa utover var vid.

Professorane Edvard og Francis Bull besøkte folkehøgskolen, Sigrid Undset var på Hundorp fleire gonger, og ikkje minst Fredrik Paasche frå 1917 og fram til 1940, da han måtte rømme landet for tyskarane.

Gjester med Fredrik Paasche i spissen

Det var alltid stort når Paasche kom, bygdefolk vart invitert til skulen for å høyre han tale. Fredrik Paasche, professor i tysk litteratur og norsk middelalder frå 1920. Fredrik Paasche (1886-1943), var nært knytt til Gudbrandsdalens Folkehøgskule, og han vart ein nær ven av familien Stauri. Philip Hoem skreiv dette om Paasche:

Den liberale og sterkt historiske holdning. Fortellergleden og fortellerevnen. Det faste, pedagogiske grep på oppgavene. Sansen for sammenhengen mellom liv og kunst – trangen til å klargjøre diktning ved å finne fram til røttene den har i konkret virkelighet. (Houm 1955:315)

Fagpolitisk stod han saman med litteraturkollega Francis Bull og A.H. Winsnes for den ”annen front” på 1930-tallet, eit alternativ til kulturradikalarane på den eine sida og fundamentalistane på den andre (Dahl 2001: 230). Paasche var også ein ideologisk pådrivar til Nansenskolen - Norsk humanistisk akademi, på Lillehammer i 1939. Alt tidleg i 1930-åra stod han i skrift og tale opp mot einsrettinga i Tyskland og åtvara i skriv og tale mot nazismen og det menneskesynet dette systemet representerte. Breva frå Paasche er mange og har i seg ein særskild varme og omtanke for folkehøgskulen og dei som stod for denne.