Gudbrandsdalens Folkehøgskule:
Ikonografiske uttrykk

Historiske minnesteinar

Minnestein for Dale-Gudbrand, 1928. Stryningen Rasmus Stauri skjønte tidleg verdien av å byggje ikkje-språklege symbol på Hundorp. Før han bestemte seg for å flytte skulen frå Vik, stod han i spissen for å få reist ei minnestøtte i 1907 på Olavshaugen over Olav Haraldsson. I 1928 fekk han reist to minnesteinar – den eine med påskrifta "Harald Hardråde fekk kongsnamn her" (1046). Same sommaren vart det reist ein stein til minne om Dale-Gudbrand sentralt plassert i hagen. Desse historiske minnesteinane styrka folkehøgskuleidentiteten og ikkje minst understreka at skulen låg på ein nasjonalhistorisk stad. To år før, i 1924, fekk han den kjende dekorasjonsmålaren Ragnvald Einbu frå Lesja til å dekorere den største skulesalen (A-salen) med motiv frå nasjonal historie og dikting (sjå eigen artikkel).

Treskurd

Over inngangen til gymnastikksalen på folkehøgskulen. Over inngangsdøra til forsamlings- og gymnastikksalen skar bygdekunstnaren og handverkslæraren ved skulen, Petter Sveipe, ei frisk, ung, jente i gymnastikkdrakt. Signalorda "helse og venleik" står under trefiguren. Akantusskurd held alt oppe. Vi er brått i kunstverda, i poesien. Han dekorerte også inngangspartiet til snikkarsalen med motiv av ein gut som arbeider ved høvelbenken. Tradisjonell akantusskurd er også der ramme rundt motivet. Snikkarlina frå 1930 gav eit utdanningstilbod for unge gutar slik at dei kunne klare seg praktisk seinare i livet. Møblar, som stolar, bord, skåp vart laga, og den dag i dag finst det att mange elevarbeid i dølabygdene som vart laga på Hundorp.

Talarstolen

Talarstol laga av bygdekunstnar Petter Sveipe i 1932. Han var lærar på snikkarlina frå 1930. Men ikkje minst vart talarstolen symbolmetta. Han vart utskore og svært vakkert forma ut med Aasmund O. Vinjes dikt "Kunnskap skal styra rike og land". Ei sol pregar framsida – der strålane av kunnskap fekk lyse mot elevane – det levande ordet vart markert som ei oppgåande sol, akkurat som sola i Snorres forteljing om kong Olav og Dale-Gudbrand som med guddomskraft steig opp over horisonten og tvinga bøndene til å ta ved ei ny tru. Her fekk læraren drahjelp i forteljinga om korleis det gjekk med draumane til folket, det poetiske i historia.

Astronomi i observasjonstårnet

Astronomen Sigurd Einbu (1866–1946) frå Lesjaskog sette Gudbrandsdalen på det norske stjernekartet. Han skreiv fleire populærvitskaplege bøker, og det var naturleg å knytte han til eit nytt fag ved folkehøgskulen – astronomi med eige observasjonstårn frå 1925. Elevar sat der utover hausten, småfraus og såg på stjernene med nyinnkjøpt kikkert gjennom åtte luker. Her oppe høgt over bakken og skulekvardagen vart det sett opp signalord frå Bibelen og norsk klassisk litteratur for å inspirere elevane til tenkje over deira plass i skaparverket.

Ord mot nord

Betænk, at du græssets spiren kjendte,
da holdt du skabelsens nøgle i din hånd!

Henrik Wergeland

Observasjonstårnet frå 1925. Me sjå uti rømdi so stor ein kring
der stjernur i natti yrja;
og vetterbrauti stend som ein ring
der framande himlar byrja.
seg, er det vel ein stad ein ende på,
og kva er det utanfor enden då?

Ivar Aasen

Ord mot sør

Du er bunden med dit legeme til Norges klipper,
men din ånd er skapt til fri at flyve rundt himmel og jord.
glem ikke stjernene, glem ikke blomster på marken,
glem ikke ormen i støvet!
Glem ei, o menneske at du er støv!
Glem ei, at du er mer end støv!

Henrik Wergeland

Ord mot aust

Minnestein for Olav Haraldson, 1907. Når eg ser din himmel, det verk av dine fingrar,
månen og stjernene, som du har sett i stand,-- kva
er då eit menneskje at du kjem det i hug og ein
menneskeson at du ser honom!

Salme 8

Kjenner du himmellovene

Ord mot vest

Himlane fortel Guds ære, og kvelven fyrkynner
Kva hans hender har gjort.

Salme 19-1

Bind du vel bandet Sjustjerne? Løyser du
lekkja av Orion?
Kvar var du då eg grunna jorda?
seg fram, i fall du har greide på det!

Job 38

«Der kjem vår Gud med stort lys»

Smijernsarbeidet frå 1971. I dag heng dette mot gardsplassen. Alle som kjem på gardsplassen legg merke til det store smijernsarbeidet på veggen til Øvingshuset som syner det dramatiske høgdepunktet rett før klubbeslaget og Tors fall. Snorre legg desse orda i munnen på kong Olav: ”Snu dykk mot aust, der kjem vår Gud med stort lys!” Dette opptrinnet er teikna av kunstnaren Ståle Blæsterdalen, og smidd av sør-frøningen Kjell Borolien i 1971 etter oppdrag frå Are Stauri. Alle som kjem til tusenårsstaden i Oppland blir ført rett inn i forteljinga om hersen Dale-Gudbrand og kong Olav Haraldsson.

Elevavisene Fram og Bodstikka

Skuleavisa Fram. Klikk på bildet for å sjå fleire.

Ein folkehøgskule er eit lite, men særmerkt samfunn. Internatlivet set krav til den unge og sliper den enkelte til blandinga mellom samarbeid og brytningar. Her vil grunnlaget for menneskeleg vokster liggje, og vennskap for livet kan bli skapt. At dette var tilfelle på Hundorp, viser elevavisene Fram og Bodstikka.

Kva skriv så elevane om? Alt! Politikk, dikt, kvardagsskildringar, bygdeskildringar, om undervisninga, vitsar, kommentarar og synspunkt på stort og smått – levande ungdomsuttrykk med råkande karakteristikkar frå kvardagsparadoksa til dei store livsspørsmåla. Her rår ingen sensur, men likevel ei streng presseetisk vurdering sett med vår tids augo. Ein blir imponert over skriveevna og skrivegleda til elevane. Ungdommeleg humor er det mykje av. Uthenging av medelevar eller lærarar finst knappast. Det gjekk sport i ikkje å sluntre unna slik at Bodstikka eller Fram, gjekk inn. Og skam til den som braut kjeden og ikkje skreiv! Ein venneflokk vart skapt frå skulekulla i mellom, – unike dokument i dag både for skulesoga og for tidsånda. Det er samanhengande elevlitteratur frå 1902 til 1960. Frå 1960 vart det ikkje skrive, av ukjent grunn.

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 25.10.1902

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903

Skoleavisa Fram

Skoleavisa Fram frå 17.10.1903