Folkehøgskulehistorie – ved to av dei

Framveksten av folkehøgskulane i Norge hadde utspring i idéane til den danske diktaren, filosofen og presten Nikolai Fredrik Severin Grundtvig (1783–1872). Gudbrandsdalen er eit pionerdalføre for folkehøgskulane og folkeopplysninga her i landet. Ole Vig (1824 – 1857) hadde planar om å starte ein folkehøgskule for heile landet i Gudbrandsdalen. Planane vart ikkje realisert, og Sagatun ved Hamar var den fyrste norske folkehøgskulen som vart etablert i 1864. I 1867 starta Christopher Bruun (1839–1920) den fyrste folkehøgskulen i Gudbrandsdalen, på Romundgard i Sel. Seinare vart skulen flytt til Vonheim i Gausdal. Der heldt skulen til frå 1875 til 1896. Vonheim er truleg den mest kjente av folkehøgskulane frå pionertida. Christopher Bruun og medhjelparane Fritz Hansen og brørne Skard, der Mathias var styrar for Vonheim frå 1884 til 1890 inspirerte mange til å starta opp folkehøgskuler. Skulane var private, der dei som dreiv skulane vart avgjerande for skuleprofil og det pedagogiske innhaldet. Christopher Bruun skreiv boka Folkelige Grundtanker i 1878 der han presenterte idégrunnlaget for dei norske folkehøgskulane.
Den klassiske folkehøgskulen vart eit viktig skuleslag for nasjonsbygginga og demokratiseringa i Norge. Den norske folkehøgskuletradisjonen har utvikla to hovudretningar der den eine er basert på eit kristent livssyn medan dei andre er frilynte.
Folkehøgskulane har ein fri og uavhengig plass i utdanningssystemet. Dei er frie for eksamen og karakterar og har som målsetjing å gje folkeopplysning og fremje allmenndanninga.
Denne nettutstillinga presenterer to markante skular; Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Hundorp og Nansenskolen i Lillehammer. Opplandsarkivet avd. Maihaugen har arkivet til Nansenskolen mens arkivet etter Gudbrandsdal Folkehøgskule befinner seg på Opplandsarkivet avdeling Midtdalsarkivet i Ringebu så eventuelle henvendelser om dette arkivet må rettes dit. Med stønad frå Norsk kulturråd og Fritt Ord er arkiva ordna og registrert. Nettutstillinga presenterer smakebitar av arkiva og historia til skulane.

Nansenskolen

Nansenskolen i Lillehammer

Nansenskolen ble etablert i 1938 av Kristian Schjelderup og Anders Wyller som en motkraft mot de totalitære kreftene som var i frammarsj i Europa. Norsk Humanistisk Akademi, ble stiftet i 1937. I 1938 åpnet Nansenskolen, en skole fundert på de humanistiske kjerneverdier. Målsettingen var å kjempe mot vold, fordommer og intoleranse og støtte opp om demokrati og ytringsfrihet. Halvard Grude Forfang, Nansenskolens rektor gjennom 25 år fra 1946 til 1971, har skrevet Nansenskolens historie i to bind. Skolen er i full drift der filosofien, kunsten og litteraturens betydning fortsatt står i fokus – https://nansenskolen.no/

Les mer om Nansenskolen

Gudbrandsdalens Folkehøgskule

Gudbrandsdalens Folkehøgskule på Harpefoss

Gudbrandsdalens Folkehøgskule opna på garden Vik i Kvam i 1902. I 1915 flytta skulen til Hundorp. Gudbrandsdalens Folkehøgskule var eigd og styrt av familien Stauri ifrå 1902 – 1972. Rasmus og Lise Stauri , deretter Are og Dagny Stauri sette sitt preg på utviklinga av skulen og det pedagogiske tilbodet i to generasjonar. Skulen var ein frilynt folkehøgskule og vart eit åndeleg impuls- og kraftsenter i Gudbrandsdalen. Frå 1972 – 1987 var det Folkeuniversitetet i Norge og Gudbrandsdal Ungdomslag som dreiv skulen. Skulen vart lagt ned i 1987 etter at internatbygningen brann ned. Arkivet etter Gudbrandsdalens Folkehøgskule er vove saman med historia til familien Stauri.

Les meir om Gudbrandsdalens Folkehøgskule