Gudbrandsdalseminaret 2012

Seminaret presenterte ny kunnskap om fleire av dei store jubilea i Gudbrandsdalen i 2012. Fire emner vart teke opp: Skottetoget i 1612, Vardar og bygdeborger, Anders Sandvigs jubileum og Sigurd Einbu.

Kringen. Maleri av Georg Strømdahl, 1897. Tilhører Skottetogsamlingen til Vertshuset Sinklair, Kvam.2012 er eit jubileumsår i Gudbrandsdalen. Det er 400 år sidan slaget ved Kringen i Sel i 1612. Det er 150 år sidan Anders Sandvig vart fødd, grunnleggjaren av Maihaugen, De sandvigske samlinger på Lillehammer. Og det er 100 år sidan den sjølvlærde astronomen Sigurd Einbu frå Lesja oppdaga ei ny stjerne i stjernebildet Tvillingane. Nova Geminorum II 1912 Enebo fekk namn etter oppdagaren.

Det såkalla skottetoget i 1612 markerte eit heller brutalt møte mellom leigetroppar på veg til oppdrag for den svenske kongen og ein stasjonær bondekultur. Både som ei historisk hending og eit propagandanummer i ettertid var ho eineståande. Langsetter dalen fanst såkalla bygdeborgar frå gamal tid, på fjelltoppar fanst veter eller vardar som del av eit statleg militært varslingssystem. I vår del av landet veit ein likevel lite om at krigsfaren var overhengande gjennom hundreåra.

Se programmet - (pdf 2 MB).

Bileta som er brukte er tekne av Torveig Dahl, Gudbrandsdalsmusea og Marit Hosar, Opplandsarkivet avd. Maihaugen.

Ågot Gammersvik

Ågot Gammersvik, direktør ved Lillehammer museum ynskte velkome.

Øystein Rian

Bruken av "Slaget ved Kringen" som ledd i den offisielle konstruksjonen av den krigerske norske bonden i truskap til den danske kongemakta.

v/Øystein Rian
Les presentasjonen (pdf - 75 KB)

Geir Neverdal

Skottetoget i biletkunsten på 1700- og 1800-talet

v/Geir Neverdal.
Foredraget er ikkje tilgjengeleg

Ivar Teigum

Ivar Teigum oppsummerte seminaret og inviterte til nytt treff på Maihaugen den 30. Januar 2013.