Gudbrandsdalseminaret 2015

Ved eit vegskil – tettstader og kulturminne

Lillehammer med Vingnes i forgrunnenNår den nye Europaveg 6 står ferdig, har vi sett det største menneskelege inngrepet i Gudbrandsdalen etter at jernbana kom til dalen. Det gjeld både fysisk og kulturelt.

Fra Vaalebro i Ringebu. (Foto: H.H.Lie /Maihaugens fotoarkiv)For meir enn hundre år sidan vart jernbana bygd oppover dalen. Tida skaut fart. Folk tok til å stille klokka etter toget slik dei før hadde lydd kyrkjeklokka og gardsklokkene. Kring jernbanestasjonane var tettstadene i ferd med å vekse fram og bli til handelssentrum i bygdene. Den nye E6 går utanom tettstadene og rett igjennom kulturlandskap og fjell. Først og fremst vil han vera ei gjennomfartsåre, og da kan Gudbrandsdalsvegen (nåverande E6) bli ein veg for dei lokale – og for dei som vil sjå og oppleva meir enn frå den nye vegen.

Som del av E6-prosjektet er det dei siste åra gjort grundige arkeologiske undersøkingar i vegtraseen. Her er det gjort mange funn som endrar tolkinga av Gudbrandsdalen si historie. Hausten 2014 blir det gitt ut eit bokverk om desse funna. Smakebitar frå bokverket blir presenterte på seminaret.

Gudbrandsdalen er også rik på kulturminne vi kjenner frå tidlegare av ulikt slag. I dei fleste kommunane i dalen blir det nå arbeidd for å gjera desse meir kjente. Slik kan framtida ta meir omsyn til denne rike kulturarven. Fangar vi her vidt nok?

Selsvollane (Foto: Ivar Teigum)I den mest nedbørsfattige av norske fjelldalar utvikla dølane ein kultur tufta på temjing av vatn. Det galdt framføring av vatn frå fjellet og uttapping frå dalbotnen på Lesja og Sel. Under seminaret ser vi på erfaringane frå vatningskulturen. Og vi ser på utviklinga av samferdsel slik den har påverka utviklinga av bygdesentra fram til nå. Ikkje minst nærmar vi oss konkrete eksempel på tettstader i distriktet.I tettstadene der dei fleste av oss bur i dag, gjeld det å trygge ei framtid med forankring i fortid og historie.
Gudbrandsdalsseminaret 2015 blir forlenga med ein dag to, torsdag 29.01.15. Denne delen er særleg mynta på kommunale planleggjarar i heile Oppland. Dei vil få innføring i ein metode for å innarbeide kulturminne som ein viktig del av kommunal planlegging, særleg knytt til tettstadene og byane i fylket. Metodikken (kalla DIVE) er utvikla av Riksantikvaren. Denne delen startar med to opne foredrag på slutten av dag ein, om Vingnes i Lillehammer .
Men sjølve Gudbrandsdalsseminaret 2015 onsdag 28.01. er ope for alle. Her ønskjer vi å setja fokus på spørsmål av interesse ikkje berre for historielag og historisk interesserte personar, men også for politikarar og tilsette i kommunar og fylke.

Program…… (pdf 3.8 MB).

Arne Skuterud

Arne Skuterud ønsket velkommen og informerte om dagens program.

Kåre Hosar

Kåre Hosar ledet seminaret og diskusjonen.

Knut Paasche

Fra gård til tettsted. Utviklingen innen arkeologisk metode gir oss nye muligheter til å følge gryende tettstedsutvikling i yngre jernalder og middelalder

v/Knut Paasche, NIKU.
Foredraget ikke tilgjengelig

Dag Arne Reinar

Presentasjon av metodikken for DIVE-analyse.

v/Dag Arne Reinar, Riksantikvaren.
Foredraget ikke tilgjengelig, men kontakt Riksantikvaren for nærmere avtale.