Gudbrandsdalsspelet 1978-1982

Jon LunkeScener fra Harald Hårfagre, Torsbildet på Hundorp, Skottetoget, hekseprosess på Øyer, Per og Peer Gynt, Vinje i fjellet, amerikafeber i Gausdal, jernbanebygging, nordalsdiktarar og folkeliv i dalen.

«Gudbrandsdalspelet er som å bla i ei fargerik historiebok. Om dølane i arbeid og fest, med smil og tårer, song og dans. Det er meninga at spelet skal synas fram årleg under Per Gynt-stemna på Vinstra.» (Jon Lunke, 1981).

«Det første store programløftet tok Per Gynt-nemda i åra 1979-1981. Da produserte stemnet «Gudbrandsdalsspelet», ei kjempeoppsetting, der over 100 amatørar frå heile dalen, pluss ein hest og nokre geiter, var involverte, på scenen, i orkesteret, med administrasjon, og med dei reint praktiske oppgavene.

Helt sidan stemnet vart gjenskapt i 1967 hadde nemda hatt eit slikt hovudinnslag på arbeidsplanen. Håpet var lenge å få til ei fullverdig framføring av Ibsents Peer Gynt. Men det vart med tanken. Institusjonsteatra som vart kontakta hadde ferie i desse augustdagane, sceneforholda på Vinstra var ubrukelege, og kvar skulle dei ta pengane frå?

Det vart ein viss diskusjon om denne påtenkte hovudattraksjonen i nemda også. Somme såg heller for seg eit «spel», eit nyskapt scenestykke med teater, dans og musikk, framført av lokale amatørar.

Jon Lunke var driftkrafta bak denne ideen, og i 1978 oppfordra nemda han til å gjennomføre eit slikt prosjekt.

«Det viste kva fagfolk kan få amatørar til å prestere. Men arrangørane fekk også erfare kor mange omsyn ein må ta til, alt frå sauelamming til slåttonn og ferietid. Likevel peikar spelet fram mot samarbeidet mellom profesjonelle og amatørar i Peer Gynt-framsyninga på fjellet, og viser at det også må fagfolk til om ei slik oppsetting skal ha livskraft.»
(Ragnar Øvrelid, Per Gynt-stemnet. 1928-2003).