Midt-Gudbrandsdal Reiselivslag

Peer Gynt Stugu (Foto: Fron Historielag)Arbeidet med eit reiselivslag kom i gang tidleg på 1960-talet og laget vart stifta i 1962. Nokre av hovudpersonane var Asphoug og Marta Bjørge i Ringebu, Andreas Smith-Eriksen i Gausdal, Trygve Wadahl, Ragnvald Krogenæs, Tvete og Skurdal frå Fefor. Nord-Fron kommune løyvde startkapital og betalte lønningane, og Sør-Fron og Ringebu kommune finansierte 25% av budsjettet kvar. Den første turistsjefen var Rolf Brevik, ein språkmektig persom, som beherska fem-seks språk. Kontorlokalet var i Per Gynt-stugu. Bygningen kom frå garden Hågå og var brukt som bokhandel på Vinstra. Kommunen kjøpte huset og flytta det. Midt-Gudbrandsdal Reiselivslag innlosjerte seg der. Omfanget av arrangement var aukande, og Peer Gynt Arrangement, Peer Gynt-stemnet og Norsk Visefestival fekk òg kontorareal i huset.

100-årsmarkering

For å markera at det var 100 år sidan Henrik Ibsen skreiv «Peer Gynt» og for å byggja på stemnet Pål Kluften initierte i 1928 og 1932, involverte Reiselivslaget seg i arbeidet med eit nytt Peer Gynt-stemne. Idealistar i lokalmiljøet engasjerte seg i prosjektet. Mottoet for stemnet var eit møte mellom den historiske Per og den litterære Peer. Per var symbolet på den lokale folkekulturtradisjonen og Peer i stykket.

Garden Hågå

Hans Petter Kleiven (Foto: Kristian Hosar/Fylkesarkivet i Oppland)Pål Kluften, som hadde ideen til Peer Gynt-stemnet, fann fleire interessante historiske dokument på Hågå og vart inspirert av dei. På stemnet i 1928 vart delar av «Peer Gynt» oppført i friluft ved Kåja. Skodespelarane vart inviterte til Hågå, og Kluften formidla hendinga til lokal- og landsdekkjande aviser. I 1932 vart minnesteinen av Per Gynt ved Sødorp kapell avduka som ein del av stemnet. Folketog frå nord og sør samla seg der.

Oppløysing av Reiselivslaget

Etter vedtaket i 1988 om Vinter-OL i Lillehammer, trekte Ringebu og Gausdal kommune seg ut av Reiselivslaget. Etter kvart vart det vanskeleg å driva dei små laga, og Fron Reiselivslag slo seg saman med Lillehammer Turist, i dag Visit Lillehammer.

Peer Gynt Arrangement og Peer Gynt as

Peer Gynt Arrangement og Peer Gynt as fekk kvar si hovudrolle i arrangementa knytta til Peer Gynt-namnet: Peer Gynt Arrangement organiserte mellom anna Norsk Visefestival, Norsk Country- festival. Peer Gynt as planlegg og organiserer Peer Gynt-stemnet. Stemnet har fått status som knutepunktfestival og blir finansiert via statsbudsjettet.

Hans Petter Kleiven

I 1969 vart Hans Petter Kleiven tilsett som reiselivssjef – ei stilling han hadde i mange år. Frå 1956 var han medlem av kommunestyret og leiar av Nord-Fron plan- og tiltaksnemnd, grunnlaget for Midt-Gudbrandsdal Reiselivslag. Laget vart stifta i 1963 og var eit samarbeid mellom Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu kommune. Gausdal kommune vart medlem i 1966. Kleiven var styreleiar og svært engasjert i arbeidet med eit årleg Peer Gynt-stemne. Han var òg medlem i den første stemnenemnda.

Kjelde: Intervju med Hans Petter Kleiven i 2014 ved Marit Hosar, Opplandsarkivet på Maihaugen.