Olaugs øvingsoppgave:
Dialog

To gamle damer som sitter ute og strikker. Bildet er tatt av H.H. Lie og tilhører Maihaugens fotoarkiv.«Har du høyrt det, Sønneva?» spurde Berta. –« Han Olav skal trulova seg med ho Kristina Strandli.»
«Kva er det du fortel, Berta? Du veit at eg ikkje har vitja ho Sigrid og dykk andre på Berge sidan ved jonsoktider. Alle er så opptekne no i slåttonna, så vi gamle får stella med vårt. Ingen fortel meg noko.»
-« Du og han Andreas kunne då ha teke Bruna og køyrt dykk ein tur ein søndag. Gardane våre ligg i det same heradet, og dotter di ville nok ha sett pris på om de kom», seier Berta. - «De har det vel ikkje meir travelt. Det er verre for meg som ikkje har nokon mann lenger. Men i dag skulle han Halvor i banken eit ærend og då høvde det at eg fekk skyss og kunne vitja deg. Det er trass alt den eldste sonesonen min og den eldste dottersonen din dette gjeld. Kva skal vi gjera?»
-«Har ikkje han Olav vår høgare krav til koneemne enn denne byfrøkena?» spør Sønneva. «Ho Eldbjørg Vik, som han Olav har godsnakka med i mange år, er ikkje bra nok lenger etter at den nye lærarinna kom til bygda. Ho Eldbjørg, som både har husmorskulen og ein vinter i huset til sorenskrivaren, ville ha vorte ei dugande bondekone på Berge. Ho kan arbeida både ute og inne. Dessutan er ho herifrå. Kva veit ei ifrå byen om å styra eit hus på ein så god gard?»
Berta svarar med eit kast på hovudet: -«Dei seier forresten at nokon har høyrt at denne Strandlifrøkena har snakka om at kvinnfolk også må få stemmerett til likt med mennene. Ho prøver visst å få med seg fleire kvinner i bygda på slike tankar. Korleis skal ho kunne skjøtte pliktene sine heime på denne måten? Eg skulle ynskja at du og eg kunne ha snakka han Olav til rette. Han har alltid vore ein framifrå kar som plar høyra både på foreldra og oss besteforeldre.»
Sønneva sukkar og bryt ut: «Ho Sigrid og han Halvor har vore altfor slepphendte med guten. Det var ikkje godt nok at Olav skulle gå på landbruksskulen her i distriktet. Nei, dei sende han til «Den høiere Landbruksskole på Aas». Der vart han kjend med ungdommar frå store deler av landet. Ein av desse kom på vitjing på Berge for nokre år sidan. Det var bror til Kristina.»
-« Eg vil ikkje kalla det for slepphendt at Olav fekk ta den høgste utdanninga innan landbruk. Han er trass alt odelsguten på den største garden i bygda,» repliserer Berta.
Heklenåla til Sønneva går like bestemt som svaret kjem: -«Ja, de har alltid vore så svære der oppe på Berge. Då er det vel like bra at det kjem lærarinner til gards. Tida vil visa kva godt det kjem ut av denne trulovinga. Men du og eg kan nok ikkje gjera så mykje til eller frå i denne saka, Berta. No går eg inn og mel på kverna slik at vi får oss ein god kaffidråpe. Det kan bli lenge til neste gong.»