Olaugs hjemmeoppgave:
Søndagskaffi

Dei sat med kvar sin kaffikopp og såg ut gjennom kjøkenglaset. Det leid langt på sommaren sjølv om veret ikkje hadde mykje sommar i seg denne søndagen. Regnet piska på rutene og skodda låg tett.

-«Dette kan ikkje gå stort lenger, Torstein», sa Ragnhild. «På nabogardane er dei nesten ferdige med første slåtten, og hjå oss har alt stått i stampe etter at du vart sjuk. Sjølv om Tora og eg prøver å arbeida så godt vi kan er det ingen av oss som kan erstatta deg. Vi er også gamle vortne. Eg tykkjer at du snart må snakka alvor med ho Gunnhild og han Anders.»

Torstein flytte blikket frå vindauga og ned i koppen sin utan å møta augo til Ragnhild. Det var ikkje første gongen at dette var samtaleemne, sjølv om båe i årevis prøvde å unngå det. Ja, dei var byrja å bli gamle no. Tora hadde vore i teneste på garden heilt sidan ho var femten, det året Torstein vart fødd. Ho var enno med i arbeidet på garden, men ho vart meir og meir stille. Kva var det ho grubla på?

*

Det gamle ekteparet på Nordre Strand hadde to born, Gunnhild og Ola. Odelsguten var av det eventyrlystne slaget, og draumen om Amerika hadde vorte for sterk. Ola reiste til Junaiten og bestemde seg for å bli der. Dette vart sårt for foreldra, men samstundes skjøna dei også at han fekk eit betre utkome «over there». Den vesle garden deira hadde gitt dei eit trygt, men slitsamt liv.

Dottera Gunnhild var gift med Anders, som kom frå nabobygda. Han hadde også vore nokre år i Amerika før han kom attende til Noreg og slo seg ned i Kristiania som fotograf. Dei møttest i huset hjå fotografmeisteren, sjefen til Anders. Gunnhild var tenestejente der, og dei unge bygdefolka fann kvarandre på alle måtar. Etter kvart fekk Gunnhild og Anders to born, Ragnhild og Ola.

*

Ragnhild byrja å sitja uroleg på stolen. Ho såg på Torstein, som framleis stirde ned i koppen utan at han hadde mælt eit einaste ord. - «Den milde og gode mannen min balar med tunge tankar no», tenkte ho, men vart avbroten av kremtinga hans Torstein:- «Eg veit ikkje kva vi skal gjera, Ragnhild. Sjølv om han Anders er ein dugande kar har han arbeidet sitt i byen. Ikkje er han van med gardsarbeid lenger heller. Og eg har har aldri høyrt at han eller Gunnhild har snakka om å venda attende til bygda og bondelivet. Vi får greia oss sjølve så lenge vi kan.« -«Eg tykkjer at vi skal skriva eit brev til Gunnhild og Anders og fortelja dei kva tankar vi har om dette», sa Ragnhild. - «Du får gjera det du,» sa Torstein. «for handa mi har vorte så skjelven i det siste».

*

Skrivesakene låg i den øvste kommodeskuffa. Ragnhild hadde gøymt på det fine brevpapiret ho hadde fått til 60-årsdagen sin fem år tidlegare. Det var ikkje ofte at ho tok fram penn og papir, berre til jul og åremålsdagane til borna var det brevskriving der i huset. Det hende sjølvsagt at dei fekk Amerikabrev frå Ola, og Gunnhild høyrde dei også frå nokre gonger i året. Ho og huslyden hennar kom heim med toget frå Kristiania ein gong i året. I år skulle dei koma i slutten av august, for han Anders skulle fotografera kyrkjene i heile dalføret. Gunnhild og borna skulle vera att hjå dei medan Anders reiste omkring.

*

Strand Nordre søndag 28. juli 1912

«Gode Gunnhild og Anders! Eg vonar at de er friske alle saman. Det er lenge sidan de har høyrt frå oss no. Eg hadde ikkje tenkt å skriva sidan de snart kjem oppover, men no er det slik at han Torstein har vore så elendig i heile sommar. Vi har ikkje kome så langt med slåttonna som vi plar vera på denne tida. Nokre dagar har vi hatt litt hjelp frå ungfolket på nabogarden, men eg er redd for at vi ikkje får fòret i hus tidsnok i haust sidan han Torstein ikkje er same arbeidskaren som før. No spekulerer vi på korleis det skal gå med garden og oss framover. De veit Torstein fyller sytti år i jula, og Ola har sagt ifrå seg odelsretten. Du, Gunnhild er då den som har denne odelen. Likevel kvir vi oss for å spørja dykk som har dykkar eige liv i byen og som sikkert er langt unna tankar om eit slitsamt liv på landsbygda og om de vil overta garden. Men no er tida knapp, og i samråd med Torstein spør eg dykk rett fram: Kan de tenkja dykk å flytta hit og overta garden før vårjamdøgn neste år? Vyrdsamt far og mor på Strand.»

*

Det var ei lette å få sendt av garde dette brevet. Hadde det ikkje vore for at dagane var fulle med gjeremål ville tida fram til svaret kom ha gått seint.

*

I Kristiania måtte Gunnhild setja seg beint ned. Ho hadde akkurat henta posten. Det var berre eitt brev som låg i postkassa i dag. Ho kjende så godt mora sine krusedullar på enkelte bokstavar. Det var ikkje å ta feil av. Brevet var heimanfrå og det var stila til både henne og Anders. Kva var det som fekk mora til å skriva no, like før ho og huslyden skulle reisa heim til barndomsheimen hennar. Var det noko gale der heime?

Akkurat i dag hadde Anders teke med seg borna ein tur til byen. Dei skulle få vera med han på fotoatelieret for å sjå kvar han for det meste arbeidde. Gunnhild ville nytta høvet til å vaska leilegheita så grundig ho greidde slik at den vart rein og fin til dei skulle reisa vekk seinare på sommaren. Det var lettare å gjera eit slikt storarbeid dersom ho ikkje måtte sjå etter borna. Men først ville ho lesa brevet, sjølv om namnet til Anders også stod på konvolutten.

Gunnhild las brevet fleire gonger. Ho vart både varm og kald og veksla mellom tanken på dei gamle foreldra som sleit i uvisse når det galdt/med tanke på gardsdrifta framover, ja, sjølve levebrødet deira. På den andre sida tenkte ho på sin eigen vesle familie og livet dei levde i byen. Kunne dei flytta frå dette, eller endå meir presist - ville dei det? Sjølvsagt hadde ho visst at dette spørsmålet måtte koma opp ein gong, men inntrykket hennar var at livet heime på garden hadde gått som tidlegare, utan noko som uroa henne. Difor hadde Gunnhild slege seg til ro med at foreldra greidde seg bra, og at alt var som før, sjølv om dette ikkje hadde vore omtala.... Nei, no måtte ho i gang med vaskinga. Tenkja kunne ho gjera likevel.

Anders og borna kom heim utpå ettermiddagen. Dei vart møtt med lukta av såpe blanda med middagsmat. Anders tykte at Gunnhild var meir stille enn vanleg, men slo seg til ro med at ho sikkert var sliten etter alt arbeidet.

Sola hadde gått ned og borna hadde sovna. Anders sat med noko arbeid då Gunnhild gjekk bort til han med brevet som hadde kome. « Du må lesa dette i kveld. Det er til oss båe to frå mor mi. Anders tok imot, og medan han las stod tida stille for Gunnhild. Kva ville han seia? Ho såg bort på mannen sin og la merke til det milde ansiktsuttrykket hans. Ja, var det ikkje eit lurt smil om munnen hans, tru?

Anders kremta litt før han byrja å snakka: - « Denne bodskapen kom ikkje uventa, Gunnhild, men det som er så merkeleg er at det kom akkurat i dag. Eg har også noko eg må fortelja deg.

I dag, då borna og eg var innom fotografmeisteren, fortalde han at folk frå Riksantikvaren nyleg hadde spurt om firmaet kunne ta på seg eit større oppdrag. I samband med lova om fornminne, den første norske fredingslova, som kom for sju år sidan, skal ein også ved hjelp av fotografi dokumentera gamle hus, gardsanlegg og fornminne i Noreg. Fotografmeisteren spurde meg om eg kunne tenkja meg eit slik oppgåve i tillegg til kyrkjefotograferinga som allereide er bestemt. Eg kunne få tenkja på det nokre dagar. Dersom eg tek imot tilbodet kan vi like godt bu på heimgarden din som her i Kristiania. Eg vil på den måten få ei friare stilling enn den eg har no. Kva meinar du, Gunnhild?» Kvelden gjekk med til diskusjon og fundering.

***

Garden til Ragnhild og Torstein var ikkje så stor, men den var veldriven. Det var kome både hesteslåmaskin og vendeplog på garden. Garden hadde i si tid vorte skilt ut frå hovudgarden, Strand Søndre. Det var to stovehus på garden, men det eldste stod tomt no. Der hadde foreldra til Torstein budd, men etter at dei døydde flytta tenestejenta Tora over i huset til Ragnhild og Torstein. Ho budde i det største kammerset der. Framleis tok ho del i noko arbeid på garden sjølv om det helst vart innearbeid no.

***

No hadde Gunnhild og Anders fått to ulike spørsmål dei måtte ta stilling til og etter kvart ta ei avgjerd om. For det første: skulle dei overta garden og for det andre: skulle Anders ta imot tilbodet om å fotografera for Riksantikvaren.

Sjølv om ingen av dei hadde drive gard tidlegare hadde dei vakse opp på gard og vore med i arbeidet så lenge dei budde heime. Men ville dei forlata bylivet som dei no hadde vorte vane med?

På Strand Nordre gjekk livet som vanleg. Veret hadde vorte lettare, og høyturken var god. No var det ikkje lenge før ho Gunnhild og familien skulle koma heim. Sjølv om dei ikkje hadde fått svar på brevet enno var det sikkert at byfolka kom til barsok (den 24. august).

-«Tora, trur du at Gunnhild og Anders kan tenkja seg å overta garden her?» spurde Ragnhild ein dag. Dei var på kjøkenet og sylta bær. Tora, som ikkje visste om brevet som var sendt, sette seg bein ned på ein stol. –«Kva er det du seier, Ragnhild? Ho har då kome seg så godt til rette i Kristiania med mann og born og har visst fått det retteleg bra. Kva skal ho opp hit til slitet etter? Nei, etter oss vert det nok folka på Strand Søndre som må driva her,» sa Tora med eit sukk. Ragnhild vart stille. Det vart stille på kjøkenet. Berre lyden av syltetøyet som putra i gryta var å høyra. Den gode lukta breidde seg i rommet.

***

I byen diskuterte Gunnhild og Anders friskt seg imellom, til dømes om det kunne lata seg gjera å kombinera både gardsdrift og fotografering for Riksantikvaren. Fotografmeisteren hadde forklart Anders at dersom han tok på seg denne oppgåva kunne han ha ei lausare tilknyting til fotoforretningen i byen. Dei kunne bli kompanjongar. Anders var likevel usikker på om det kunne gå i praksis. Dessutan ville han sakna dei andre som dreiv med det same som han. I bygdelaga ville han bli den einaste i sitt slag.

Gunnhild tenkte på dei gamle foreldra og på garden der forfedrene hadde rydda stein for stein og gjennom generasjonar bygd opp til det den var. Det var ho som hadde odelen no, og ho kjende ansvaret både som ei bør, men også som ei oppgåve ho gjerne ville ta på seg. Likevel kjende ho på ei sorg over å måtte flytta frå den lettstelte leilegheita i byen. Dessutan forstod ho at Anders var i tvil.

Gamlehuset på garden stod tomt, men der kunne ein med litt vøling og kanskje litt måling gjera det fullt brukande til bustad for den vesle familien, i alle høve nokre år framover.

Borna Ragnhild og Ola var enno så små at dei sikkert fort fann seg til rette på garden. Storesøster på fem år ville nok koma med mange spørsmål, men det fekk venta.

***

Det var kvelden før dei skulle reisa. Gunnhild hadde nyleg turka tårene. Alt var pakka, borna sov, men foreldra sat i stova og tagde saman.

***

Endeleg var byfolket kome til gards. Vesker og korger var komne i hus, og på kjøkenet hadde Tora halde maten varm. No kunne dei setja seg til bords.

Både Ragnhild og Torstein var spente på om brevet var kome fram, men enn så lenge var det nyhende frå bygd og by som vart utveksla mellom dei vaksne. Borna heldt framleis eit godt tak i mora. Det var lenge sidan Vesle-Ragnhild hadde vore her, og Ola, som berre var tre år enno hadde ikkje noko minne om besteforeldra.

***

Etter maten vert dei sitjande ved bordet. Gunnhild ser på foreldra, kremtar og seier: - «Forresten, takk for brevet som vi fekk for ei tid sidan. De har kanskje venta på eit snøggare svar, men vi bestemde oss for at det var best å svara dykk munnleg, og difor venta vi til vi skulle koma hit.» Torstein og Ragnhild vekslar blikk. Etter eit nesten usynleg teikn frå Torstein tek Ragnhild ordet:-«Kva vert det til? «spør ho engsteleg. Gunnhild bit lepane saman og ser engsteleg bort på Anders. Han ser ned i bordet medan ansiktsfargen skifter til meir og meir raudt. «Det skal vi koma attende til ein av dagane vi er her», seier Gunnhild fort. I augustkvelden set sola dei gamle gode merka i fjellsida på den andre sida av vatnet, noko som lover godt for veret i morgon. Før alle går til ro vert det bestemt at søndagskaffien i morgon skal dei ta med seg ned til vatnet. Anders vil ta eit bilete av dei.

***

Søndag morgon stod Ragnhild tidleg opp som vanleg. Det store tuntreet hadde fått nokre raude og gule innslag i lauvverket, og sola forgylla det heile. Om ikkje lenge kom hausten til å overta i naturen. Korkje Torstein eller ho hadde sove noko særleg denne natta. Dei kunne ikkje snakka om det med kvarandre, men båe to spekulerte kvar for seg på kva dei unge hadde kome fram til når det gjaldt framtida til garden. Ikkje noko var opplagt, såg det ut for. Ragnhild hadde lagt merke til at både Anders og Gunnhild vart utilpass ved bordet i går kveld.

***

Utpå ettermiddagen gjekk eit lite følgje ned til vatnet. Ragnhild bar på ei korg med dei rosete koppane, sukkerskåla og fløytemuggen medan Torstein bar kaffikjelen. Tora bar på ei lita korg av tæger fylt med småkaker. Gunnhild hadde Ola i handa medan Vesle-Ragnhild hoppa nedover saman med den svarte gardshunden, Bamse. Til slutt kom Anders berande på fotoutstyret. Det var ikkje lite utstyr som skulle vera med for å ta bilete.

Borna hadde fått på seg sin finaste stas. Den stripete dressen og hua har Ola fått sendande frå morbror i Amerika medan mor har sydd den smårutete sommarkjolen til Vesle-Ragnhild. Stråhatten har far kjøpt til henne i Kristiania. Tora hadde ikkje så mykje å velja i, heller ikkje når det galdt kle. Men i dag hadde ho teke på seg det fine kvite hovudkledet i tynn ull. Det var berre til helgebruk. Dei andre to kvinnene hadde pynta seg med dei beste blusane sine, og Torstein hadde spandert på seg den beste jakka og støvlane med spenne.

***

Alle har fått både litt vått og turt. Ragnhild har skjenkt den første runden med kaffi til dei vaksne medan borna, som har koppar i barnestorleik , har fått saft frå den gode bærhausten i år. Praten mellom dei vaksne er lågmælt. Dei snakkar om ver og vind, om sommaren som er på hell, om avling og folk i bygda. Innimellom kjem borna med morosame spørsmål og ablegøyer slik at stemninga blir lettare etter som tida går.

Gunnhild tek ordet :- » Det er lenge sidan eg sist sat her med søndagskaffien. Slike stunder saman med dykk er gjerne det eg har sakna mest etter at eg flytte til Kristiania. Anders og eg har diskutert att og fram kva vi skulle svara dykk med når det gjeld spørsmålet om å overta garden her eller ikkje. Vi har båe to vore i tvil sjølv om vi har veksla litt mellom kven som har vore for og i mot flytting. Men dei siste par dagane har vi vorte einige. Vi har bestemt oss for å overta garden og kjem flyttande heim til Sommardagen den 14. april neste år.»

Anders fortel om fotografioppdraget han har fått for Riksantikvaren og om at han skal greia å kombinera det med gardsdrifta. Kanskje kan dei få leiga litt arbeidshjelp når det røyner på.

Ansiktstrekka til Torstein og Ragnhild syner ei blanding av vantru og glede, og Torstein spør: -«Høyrde eg rett no? Meiner de dette verkeleg?» Gunnhild tek faren i handa og held rundt mora. Anders kjem også med handa. Etter ei stund er all tvil lagt til sides. Dei to gamle kan pusta ut. Strand Nordre skal framleis vera eigen gard. Ikkje minst gler Tora seg med dei alle. Ho skal framleis bu som ho har gjort i snart sytti år.

***

Anders reiser seg opp og byrjar å førebu fotograferinga. Ragnhild held eit godt tak i koparkjelen og skjenker opp ein attpåtår. Ho greier ikkje å skjula eit lite smil medan ho tenkjer at dette vart ein søndagskaffi ho aldri vil gløyma.