Terjes tredagersoppgave:
På telefonsentralen

Aktiebrev fra arkivet etter Lillehammer og Gausdal Telefonselskab (Tilhører Opplandsarkivet avd. Maihaugen)-Ferdig… ferdig? - Sentralen… værsågod… sentralen… der er det opptatt nå… Sentralen… værsågod… Ferdig.?.Ferdig?
Med vante handgrep kopla Margit opp samtalar og tok dei ned att, som ho sa. – Johan Prestgarden? Nei han har ikkje telefon, men eg kan ringe til Engesveen for deg, dei bur like ved? Vær så god.
Margit sette seg litt tilbake. -Eg får følgje med litt. Det kan ta litt tid før han Johan kjem til telefonen, men eg trur han er heime…
Ho drog i ein liten spake av og til. Den var svart og rund og ikkje større enn veslefingeren. Eg såg på Margit frå sida, der eg sat. Ho såg rett fram. Så sleppte ho spaken, men tok han på nytt og heldt fast. Eg visste kva den var til.

Eg var på opplæring på sentralen. Telefonsentralen. Vi sat i eit lite rom, mindre enn kjøkenet heime. Men nymåla og med fine gardiner. Ved bordet, sentralbordet, var det to stolar. Ikkje vanlege stolar, men med hjul på og som kunne svingast til sides. Bak oss var soveromet. Eg ruvde meg til å sova der. Men eg hadde sagt at eg kunne ta nattevakt. Margit hadde spurd om det. – Viss det trengst, så skal eg nok få til det, svara eg. Men eg lika eigentleg ikkje å sova borte, og ikkje einsleg iallfall. Men eg ville heller ikkje verke vrang og vanskeleg. For eg ville tene mine eigne pengar. Det var langt i mellom at ei som var gift og hadde ungar heime og mann i arbeid kunne få til det.

Rett imot bordet var det ei tavle der vi såg kven som ringde. Ja, vi såg dei ikkje, men det åpna seg ei lita luke når nokon ringde. Det minte meg om lukene i adventskalendaren, slik som minstejenta mi hadde føre jul i fjor. Å opne ei luke på den var spennande for kvar gong. Slik var det her også: Kven er det som ringer, kven vil dei snakke med. Her var det ikkje vi som opna, men den som ringde. Bak luka stod eit tal, det var telefonnummeret. Det skulle vi skrive ned, slik at samtalen kom på rekninga


- Ja, da kan eg prøve i Hagemoen. - Vent litt. Margit tok ned samtala og kopla opp på nytt . – Dei tok telefonen i Engesveen, men dei meinte det var lettare å få tak i han Johan i Hagemoen, for han skulle dit og hjelpe til med noko ved i dag. Så vi får tru det går greit nå, sa ho halvt inn i telefonen og halvt til meg.

Dei første dagane starta eg klokka sju. Seinare fekk eg eftasvakt og skulle møte klokka fire. Da skulle eg avløysa dei to andre kvinnfolka, Ingeborg og Karen. Eg var ute i god tid. Dei to som nå var ferdige med vakta si sat der enda. Røykstint. Askebegeret fullt. Røyking høyrde nok med på sentralen.

Alt fyrste dagen laut eg skrive namnet mitt under på ansvaret mitt som sentraldame. Viktigast og mest spennande var teieplikta. Ikkje noko av det eg vart kjent med gjennom telefonen skulle snakkast om til andre. Ikkje til nokon.

Mykje var likt frå dag til dag. Telefontida var frå klokka sju om morgonen til klokka ti om kvelden. Da var vi to på vakt. Utanom denne tida kosta det ekstra å ringe. Derfor var det ikkje mange som gjorde det. Nesten ingen brukte telefonnummeret til den dei ville snakke med. Dei sa berre namnet, så var det vi på sentralen som laut veta kva for nummer vi skulle kopla til. Det tok noko tid før eg rådde med dette , og laut bruke telefonlista som hjelp. Men etter kvart kunne eg dei fleste – i allfall dei mest brukte - og arbeidet gjekk av seg sjølv. Det fekk meg til å skjøne kvifor alle røykte. Det var ikkje like mykje å gjera heile tida., Sjølv om vi som oftast var to på vakt og kunne prate saman, kunne tida bli lang. Margit og dei andre røykte. Eg tok med bundingen og nytta rolege stunder til å strikke. Eg tenkte at det var jamen ei fin ordning: Eg fekk løn frå Televerket og kunne samstundes strikke julegåver til både mor mi og dei heime !

- Sentralen..vær så god. Sentralen. Ja nå er det ledig. Ferdig? Ferdig? Eg kan prøve på nytt. Ja, dyrlegen er på Ro nå, så eg kan prøve der. Vær så god.
- Dyrlegen er ein grei kar, skjønar du, sa Margit til meg. Kvar jul dei tre siste åra har vi fått ei god flaske frå han som takk for hjelpa. Den har vi delt litt på . Dei som har hatt vakt i høgtider har hatt fyrsteretten. Julekveld, nyttår, påske og til slutt 17. mai. Etter den dagen har flaska vore tom. Margit peikte på hylla over døra. Der sto tre flasker med raud sløyfe og merkelapp. Tome. Eg torde ikkje spørja om dei drakk medan dei var på arbeid

– Vi følgjer da med – vi lyttar- og da veit vi kvar dyrlegen er, skjønar du. På den måten kan vi få tak i han nesten heile tida.

- Sentralen. Døkk har sett røyk ja. Ja det er nok husbrann, dei ringde etter brannbilen frå Bjørge, så det er vel der det brenn….. Da veit du det ja.
Eg hadde fått med meg at Margit sette over til brannstasjonen, men var ikkje det eg høyrde no brot på teieplikta? Eg spurde ikkje, men Margit forklarte:- Det var Anna frå Røysom. Ho følgjer med på det meste, så ho ringer og spør både om det eine og det andre. Ein brann kan eg stadfeste. Men ho får ikkje svar på alt ho spør om. Når eg kan hjelpe til med det eg veit og som er til ordentleg hjelp så gjer eg det. Men slarv, nei det driv eg ikkje med.

- Eg skulle hatt snakka med han Otto Hage? - Ja vær så god. Eg sette opp samtala. Såg ut på trafikken utanfor butikken like nedanfor. Det kunne vera tidtrøyte i stille stunder å sjå folk som kom og gjekk der. Der var for det meste kjentsfolk, men av og til noko nytt. Der kom han Hjalmar på sykkel, han Sverre på gammelmåten med hest og kjerre. Og han Otto Hage med den slitne ryggsekken sin. Men var det ikkje telefon til han i stad? – Otto! Otto! Eg opna glaset og ropa.
- Du skal i telefonen. Du får kome opp hit og ta han her. Eg sette meg tilbake og braut inn på lina eg nettopp hadde sett opp. – Kan du vente litt så får du han Otto her. Han kom inn døra og eg ba han gå inn der apparatet var montert, i eit lite kott. Med tett dør. – Vær så god, nå får du Otto Hage.

Det gjekk mot haust og tida for mi fyrste nattevakt nærma seg. Da laut eg sove på sentralen, åleine. Det gruvde eg meg for. – Viss du vil, kan eg godt vera her saman med deg den fyrste natta. Til vanleg er det ingen som ringer, men viss du vil så.. Margit var skjøna korleis det kunne vera for meg. – Eg trur det går greit, sa eg. Eg har nå overnatta på setra,og der hadde eg ansvar for 12 kyr så. – Ja, dette er ikkje verre enn det, sa Margit. Eg sa ikkje at da hadde eg ikkje vore åleine.

Dagen, eller rettare sagt kvelden, kom og Margit ønskte meg god vakt. Det vart stilt. Eg hadde med meg bundingen og eit vekeblad. Eg trong ikkje sitja ved sentralbordet no. Men det låg eit alvor i romet – . Sentralen var viktig og nokre gonger kunne det handla om liv og død. Margit hadde også opplevd det – sentralen og ho hadde redda liv.

Fleire og fleire skaffa seg telefon, men det var ikkje uvanleg at naboar gjekk saman om eitt abonnement. Da fekk dei same nummer, men med ein a og b i tillegg. Slik kunne dei skilje den eine frå den andre. Det var da ei ordning med at det vart ringd ein gong for a og to gonger for b. Slik kunne dei i andre enden skilje.

Telefonen var til stor hjelp, men på Bauker sette dei i verk ein spesiell ordning. Pensjonatet på Bauker henta gjester på Fåberg, med eigen bil . Da køyrde dei forbi butikken både på nedtur og opptur. Det hende dei på pensjonatet kom på ting dei trongde der etter at sjåføren var reist.– Viss det er noko eg skal ta med meg er det da berre å ringe butikken så kan vi ordne med eit flagg som dei kan setja ut . Så kjører eg innom, anten på nedtur eller opptur. Slik vart det ei ordning med ”baukerflagg”. Var flagget sett ut skulle sjåføren kome innom på butikken og ta med seg det dei hadde bestilt.

På sentralen var alt stille og roleg. Men eg var ikkje heilt roleg. Ansvar. Åleine. Eg tenkte på det Margit hadde fortald – om at sentralen var viktig… og hadde vore til god hjelp for folk i bygda mang ein gong. Eg tenkte på alt som kunne skje, i kveld og i natt, der sentralen og eg, hadde ansvar. Eg strikka til eg ikkje orka meir. Vekebladet hadde eg lese meir enn ein gong. Eg var trøytt, men likevel ikkje klar til å sove. Eg fekk strikke litt til. Klokka var snart halv tolv. Laurdagar kunne det vera telefonar ved eitt-tida frå folk som var på fest og som kosta på seg drosje heim att. Men det var ikkje mange. Dei fleste gjekk heim, sjølv om det kunne ta ein time eller meir.
Eg la meg på divanen og tenkte at det kunne vore fint med radio. Ikkje det at det var noko på radioen så seint, men likevel. Vi sentraldamene hadde snakka på at vi skulle spleise på ei radio, men det hadde ikkje vorte noko ennå. Eg låg og tenkte på kor heldig eg var som hadde fått arbeid her, dei kronene eg tente la eg til sides og tenkte å betale for nytt kjøkken og kanskje bad. Om eit år eller to, kanskje. Så må eg ha somna.

Alarmen! Den summande lyden var knapt til å høyre, men etter kvart som eg vart drege ut av svevnen vart han sterkare og sterkare, og til slutt skjøna eg at eg var på sentralen, og nå var lyden gjennomtrengjande i den stille mørke natta. Eg var på sentralen, eg hadde vakt, var åleine, hadde ansvar og måtte stå opp. Eg kom meg opp og bort til sentralbordet.
– Sentralen, vær så god. Eg høyrde mi eiga stemme.
- Kan eg få jordmora? Det var ein mann. Eg såg på nummeret at det var frå Aspelund. – Kva sa du? Eg måtte be han ta opp att. – Kan eg få jordmora! Eg trur det hastar! - Ja, vent litt, svara eg. Eg høyrde at det var han Ole. Det var ikkje berre greit der i garden, nå skulle dei ha enda ein unge. – Ja, det er søster Ågot.
- Nå har du jordmora. Vær så god. Klokka var halv to. Eg syntes ikkje natta var så mørk lenger. Det var ikkje det mest dramatiske som kunne hende ei haustnatt, men det var nå fint å kunne hjelpe med dette. Eit nytt barn, enda dei var nå vel snart mange nok i den familien.
Eg var lys vaken, og håpa kanskje at eg kunne vera til meir hjelp. Eg drog i den vesle svarte spaken. Eg lytta. – Ja, ho Ingrid skal ha ein unge nå, og eg trur det kan bli vanskelg her for meg å ta i mot! Ole snakka høgt og fort. –Ja, jeg skal komme så fort jeg kan, må bare få på meg klær og … - Ja, eg trur det hastar! Ole var nok ikkje van med å snakke i telefonen, han ropte som han skulle vore utan. – Det er kanskje første barnet dette da? spurde jordmora roleg. – Å nei…..

Det vart ikkje fleire oppringingar den natta. Eg la meg på divanen att, sovna etter ei stund, og stod opp og kokte kaffe til klokka sju. Eg gledde meg til Margit og Karen skulle koma. Vi drakk kaffe saman og Karen spurde korleis eg hadde hatt det. – Veit døkk kor mange ungar han Ole og ho Ingrid Aspelund har? spratt det ut av meg. - Korleis det? undrast Margit. -Ja, nei , han ringde i natt. Til jordmora. –Å ja? Ja, det er nå vel kanskje fem eller seks? – Riktig, det sa han Ole også. – Kva sa han? – I natt var han ikkje heilt sikker, så han meinte også at det var fem eller seks!