Gudbrandsdalseminaret 2014

Posten ga ut frimerker for å markere grunnlovsjubileet både i 1914 og i 1964Gudbrandsdalsseminaret 2014 opna eit nasjonalt jubileumsår. I 200 år har vi hatt vår eigen stat og eit styresett tufta på demokratiske idear og institusjonar. Dette skal feirast heile året til ende, men vi er blant dei aller første. Korleis fungerte det eineveldet som vi la bak oss? Kva var dei europeiske føresetnadane for det demokratiske omskiftet? Korleis greidde dei første generasjonane å forme eit ny framtid i ein krevjande situasjon? Vi går til historia attom 17. maitalene. Utløyste dei politiske hendingane i 1814 ei kjensle av fridom i dei breie lag i folket? Kva med gudbrandsdølane? Med den nyleg utkomne boka om 1814 i Oppland som eitt utgangspunkt vil det bli drøfta korleis det nye vart motteke her i Gudbrandsdalen. Vart livet annleis - eller snarare korleis vart livet annleis? Om den moderne staten Norge berre er 200 år gamal, så er nasjonen mykje eldre. Med utgangspunkt i tusenårsstaden Hundorp søkjer vi mot arkeologiske funn, mytar og segner på leit etter byggjesteinar under ein nasjonal identitet.

Sjå programmet - (pdf 3.8 MB).

Torveig Dahl

Direktør ved Gudbrandsdalsmusea Torveig Dahl ynskte velkome.

Kåre Hosar

Konservator ved Maihaugen Kåre Hosar leia seminaret og introduserte talarane.

Tore Pryser

1814 i Gudbrandsdalen

v/Tore Pryser, professor ved Høgskolen i Lillehammer.
Foredraget er ikkje tilgjengeleg

Øystein Rian

Norge mellom borken og veden. Krysselden mellom Danmark, Sverige og stormaktene, og maktkampen om eineveldet eller parlamentarisk styre

v/Øystein Rian, professor, Universitetet i Oslo.
Foredraget som tekst (pdf - 200 KB)

Arne Skuterud

Arne Skuterud, Gudbrandsdal Historielag leia siste del og oppsummerte.

Registrering Samtale
Seminardeltagere Samtale i pausa